Historiske periodar
Tidlege samfunn er eit emne som handlar om overgangen frå jegerar og sankarar til jordbrukssamfunn og sivilisasjonar.
Den gresk-romerske antikken er ein lang og spennande epoke i europeisk historie som òg har påverka samfunnet av i dag.
I europeisk historie blir mellomalderen rekna frå år 500 e.Kr., det vil seie frå Vest-Romarrikets fall, til år 1500.
Tidleg moderne tid i europeisk historie er perioden mellom 1500 og 1800. Stikkord er oversjøisk ekspansjon, reformasjon, renessanse og statsbygging.
Mellom år 700 og år 1000 reiste skandinaviske grupper ut for å drive handel og etablere nye busetjingar, og for å plyndre. Dei reiste i viking.
Vi reknar norsk mellomalder frå ca. år 1050–1500 e.Kr. I perioden får vi ein overgang til kongemakt og statsmakt, og kristninga av Noreg skjer.
Perioden der Noreg var underlagd Danmark, blir kalla dansketida, eller 400-årsnatta, og varte frå 1380 til 1814.