Hopp til innhald

Fagstoff

Politikk og kultur i Athen

Den mest kjende av dei greske bystatane, er Athen. I Athen var det forventa at alle borgarar var med i politikken. Det greske ordet for borgar er «polites». Dei som ikkje deltok, var «idiotes» - eit ord som både betyr «privatperson» og og «uvitande person» på gresk.
Utsikt mot Akropolis i Athen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Athen - den ideelle polis?

Det store fleirtalet i Athen var likevel ikkje borgarar. Kvinner, slavar, første- og andre generasjons innvandrarar og alle under 18 år, fekk ikkje vere med å bestemme. Til saman utgjorde dei 90 % av befolkninga i Athen. I Athen vart det laga ordningar som skulle sørgje for at dei rikaste borgarane ikkje fekk for mykje politisk makt. Politiske verv var med løn, slik at også fattige borgarar hadde råd til å vere med i politikken. Dei fleste verva vart fordelt gjennom loddtrekning, slik at ingen kunne betale seg inn i verv.

Athen innførte også eit meir drastisk tiltak for å hindre at nye tyrannar skulle kome til makta: ostrakisme. Folkeforsamlinga kunne ha ei anonym røysting om kven som var ein trussel for staten. Om éin borger fekk over 50 % av røystene vart han utvist frå Athen i 10 år. Dette vart ikkje sett på som ei straff, men ein måte å sikre staten og demokratiet på. Den som vart utvist fekk ha borgarrettane sine og kunne fritt kome tilbake etter ti år. Ordninga viser at fellesskapet i polis var viktigare enn den enkelte sine individuelle rettar.

Freske i Vatikanpalasset. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kultur og filosofi

Utviklinga av den greske polisstaten, er først og fremst ei politisk utvikling. Men borgaridealet og den frie politiske debatten, utvikla seg saman med tenking og debatt på andre område.

Eit uttrykk for dette, var dei filosofiske skulane som vart grunnlagt i mange greske polisar. Den mest kjende av desse, var Platon sitt akademi i Athen. Platon var eleven til Sokrates, og læraren til Aristoteles. Alle tre er mellom dei filosofane som er mest kjende og som har hatt størst innverknad gjennom historia.

Staten av Platon

Forside av Platons "Staten", 1713-utgave. Foto av bok.

Platon skreiv dialogar med Sokrates i hovudrolla. Sokrates diskuterte med folk i Athen. Gjennom samtalane vert tankane som vi kjenner som Platon sin filosofi formidla. Hovudspørsmålet, i den kanskje mest kjende dialogen, Staten, er kva rettferd eigentlig betyr. Mykje av samtalen i dialogen dreiar seg om kva som er den ideelle stat. Platon sin idealstat var likevel ikkje det greske idealpolis vi har sett på, men ein stat som vert styrt av «filosofkongar» som skulle ha over 50 års utdanning og ingen eigedomsrett!

Naturvitskapen sin far

Ein annan grein av filosofien er representert av Platon sin elev, Aristoteles. Han vert gjerne omtala som naturvitskapen sin far. I forhold til læremeisteren sin, var Aristoteles mindre idealistisk og meir oppteken av den naturen vi kan sjå rundt oss. Filosofien hans er likevel veldig allsidig, og omfattar både etikk, estetikk og metafysikk.

Antikken var altså også ei tid for naturvitskap. Over hundre år før Platon si tid filosoferte Pythagoras over tala sin magi, og hundre år etter Aristoteles utvikla Euklid grunnsetningane i geometrien. Euklid budde i Alexandria i det som i dag er Egypt, og er dermed eit døme på hellenismen si spreiing.

Med desse døma ser vi korleis filosofi og vitskap utvikla seg som både ei årsak til, og ein konsekvens av, det politiske klimaet i demokratiet.

Relatert innhald

Greske bystatar vart kalla polis. Det var over 600 av dei, og dei var ganske forskjellige. Men dei fleste polisar hadde likevel ein del felles trekk.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 15.09.2017

Læringsressursar

Antikken