Hopp til innhald

Fagstoff

Polis - den greske bystaten

Greske bystatar vart kalla polis. Det var over 600 av dei, og dei var ganske forskjellige. Men dei fleste polisar hadde likevel ein del felles trekk. For å forstå kva polisane var og korleis dei var organiserte, er det nyttig å lage ein idealtype.
Idealisert rekonstruksjon av antikkens Akropolis, Athen. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Idealtype

I moderne tid er det sosiologen Max Weber som først brukte “idealtypen” som samfunns-vitskapleg modell, men omgrepet har mykje til felles med den berømte greske filosofen Platon. Idélæra hans handlar nett om å forstå den “sannaste” utgåva av alt, og dette klargjer han i «Hulelikninga».

Forskjellen er at medan Weber og vi brukar dette som eit analytisk grep, ser Platon ut til å ha meint at ideane faktisk finst, og faktisk er “sannare” enn skuggane av dei, som vi lever mellom.

Idealpolis

Ein «idealpolis» er ikkje ei skildring av ein polis som faktisk fanst, men ein tenkt polis som har alle dei typiske trekka. Etter å ha skildra ein idealtype, kan ein studere kvar enkelt polis, og sjå kva trekk den har som liknar eller skil seg frå idealtypen. Og ein kan gjere andre spennande ting, som t.d. å analysere statar i dag, for å finne ut om dei liknar på bystatane i antikken.

Den norske historikaren Johan Henrik Schreiner har skildra idealpolis på denne måten:

Polis var liten og oversiktleg

Ruiner etter Apollons tempel i gamle Korint i Hellas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omtrent som i ein norsk småby eller ei bygd, kjenner dei fleste i polisen kvarandre. Og dei du ikkje kjenner, kjenner du nokon som kjenner. I det varme middelhavsklimaet var folk mykje utandørs, så dei trefte andre menneske det meste av dagen. Polis var også liten i areal. Sjølv om jorda og hagane strekte seg eit stykke utanfor bymuren, kunne ein stort sett vandre gjennom heile området på ein dag.

Polis var borgarane

I det gamle Hellas ville ein ikkje seie at “Athen og Sparta er i krig”. Ein ville seie at “athenarane og spartanarane er i krig.” Fellesskapet av dei som hadde borgarrett, som var med på å ta avgjerder og forsvarte polisen i krig, var sjølve definisjonen av polis. Det budde mange fleire menneske i ein polis i tillegg til dei med borgarrett; kvinner, barn, utlendingar og slavar. Slavane var det stikk motsette av borgarane. Medan borgarane var friare enn kanskje nokon hadde vore nokon gong, var slavane sin ufridom like total.

Borgaren var kriger og bonde

Årsaka til at borgarane var så viktige, var at det var dei som forsvarte polis-fellesskapet i krig. For å kunne vere med på dette, måtte dei sjølv betale for våpen og rustning. Det var så dyrt at berre dei som eigde jord hadde råd til det. Difor var borgaren både krigar og bonde. På 600-talet hadde det vorte utvikla ein krigstaktikk, der soldatane kjempa saman i formasjon. Formasjonen vart kalla "falanks", og soldatane vart kalla "hoplittar". Styrken i falanksen låg i at alle heldt formasjonen, og at dei var avhengig av kvarandre på denne måten vart dermed også viktig for fellesskapet i fred.

Den greske antikkens krigere, kalt hopliter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Polis hadde politiske institusjonar

I polisane var det vanleg at borgarane møtte i ei folkeforsamling, der dei gjorde vedtak ved avstemmingar. Det varierte kor mykje makt folkeforsamlingane hadde, men i idealpolis har dei stor makt. I motsetning til i moderne demokrati, valde dei ikkje representantar som bestemte for dei. Borgarane møtte sjølve opp i folkeforsamlinga, og var med på å diskutere og bestemme over polis.

Polis var ikkje-religiøs

Det kan kanskje verke rart, for grekarar hadde mange tempel og mange gudar. Og dei bad stadig til gudane om støtte og styrke. Men denne gudedyrkinga vedkom ikkje sjølve staten i særleg grad. Tidlegare statsdanningar hadde vore grunnlagt på religion, og politiske leiarar hadde hatt autoriteten sin frå gudane. I dei greske polisane var det borgarane som bestemte. Polis vart styrt av lover laga av borgarane, og polis dyrka gudane sine utan å la dei peike ut politiske leiarar.

Schreiner sin idealtype er litt forenkla her. Hans eiga forklaring finn du på s. 17-22 i boka hans Antikkens historie (J.H. Schreiner, Oslo 1989).

Relatert innhald

Den mest kjende av dei greske bystatane, og den som vert hugsa best i dag, er Athen. I Athen var det forventa at alle borgarar var med i politikken.

Dei greske polisane var stadig i krig. Dei trengde soldatar, og det var med på å presse fram borgarrettar og demokrati mange stadar.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Antikken