Hopp til innhald
Fagartikkel

Oversikt: Antikken

Antikken var ein epoke som i stor grad handla om områda rundt Middelhavet. Starten på epoken kan knytast til Hellas. Hovudfokuset i perioden blir etter kvart over flytta på Romarriket, som mot slutten av antikken omfatta store delar av Europa, Midtausten og Nord-Afrika.

Særpreget til antikken, byrjing og slutt

Antikken var ein epoke i europeisk historie som strakk seg frå ca. 700 f.Kr. til ca. 500 e.Kr. I denne perioden var store delar av Europa prega av gresk og romersk kultur. Gresk filosofi, kunst, religion, politikk og vitskap prega i stor grad Romarriket, som etter kvart skulle omfatte mesteparten av Europa, Midtausten og Nord-Afrika.

Byrjinga til epoken (700 f.Kr.) er sett etter dei eldste leivningane etter greske bystatar (polis), medan slutten på epoken (500 e.Kr.) blir markert av Romarrikets oppløysing og at kristendommen byrjar å dominere europeisk kultur.

Verdshistorie, middelhavshistorie eller europahistorie?

I historiefaget skil vi ofte mellom noregshistorie og verdshistorie. Mykje av verdshistoria som det blir undervist om i norsk skule, er sentrert rundt Europa. Dette gjeld spesielt dei to epokane antikken og mellomalderen. I antikken er Hellas og Romarriket i fokus. Hellas og Romarriket var i stor grad knytt saman av Middelhavet, sjølv om Romarriket òg strakk seg nordover til dagens England. Antikken er derfor kanskje meir middelhavshistorie enn verdshistorie.

Andre stader i verda dominerte heilt andre kulturar under heilt andre imperium, lokale kongar eller høvdingar. I mellomalderen blei dagens Europa knytt saman gjennom mellom anna kristendommen. Mellomalderen handlar først og fremst om Europa. Først då europearane byrja å gå til andre kontinent og leggje under seg koloniar i Afrika, Asia, Oseania og Amerika etter mellomalderen, byrjar desse delane av verda å bli ein del av verdshistoria som ein lærer om på skulen. Slik eurosentrisme har i nyare tid blitt kritisert av mange historikarar.

Tenk etter

  • Er historieundervisninga for mykje fokusert på Europa?
  • Kva område i verda ville du gjerne lært meir om i historiefaget?
  • Er det riktig med eit europeisk fokus, sidan vi trass alt bur i Europa?