Hopp til innhald

Fagstoff

Gresk teater og romersk sirkus

Ein seier gjerne at klassisk tid i Hellas slutta i 338 f.Kr., då den makedonske kong Filip II, far til Aleksander den store, vann eit viktig slag over polisane Athen og Thebes, og fekk makt over det meste av Hellas.
Det romerske teateret i Bosra i Syria. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om det at dei makedonske kongane rykkte inn med hærmakt vart slutten på at dei fleste polisane kunne vere politiske uavhengige, bidrog dei sterkt til å halde fram med å spreie den greske kulturen gjennom det vi kallar «hellenismen».

Greske førebilete

Mann i toga. Illustrasjon.

To hundreår seinare var det Romarriket som var den suverene stormakta i området rundt Middelhavet. Der vart det tydeleg kor sterkt hellenismen framleis stod. Etter å ha teke kontroll over eit område, ville romarane vanlegvis oppmuntre dei som budde der til å gå over til romerske skikkar, som å kle seg i toga og snakke latin. Men då dei tok kontroll over Hellas, var det annleis. I følge den romerske poeten og satirikaren Horace, som levde samstundes som keisar Augustus, var det Hellas som invaderte Romarriket med sin høge kultur. Horace skriv at “det invaderte Hellas invaderer den ville sigerherren og introduserer sin kunst i det grovt uhøflege Latium”.

Nokre ville nok protestere mot Horace sin påstand. Men det er ingen tvil om at romarane elska gresk kunst og kultur. Gjennom hundreåra både kopierte og stal dei gresk kunst i store mengder. Og mykje av romersk kunst og arkitektur er vidareutvikla frå det dei lærde av greske førebileta sine.

Eit godt døme på korleis romarane både kopierte og vidareutvikla greske former, ser vi på utviklinga av teatera. Teater som kunstform vart utvikla i Athen, og var knytt til dyrking av vinguden Dionysos. I skråninga sør for Akropolis, vart Dionysos-teateret plassert. Det sette ein standard for amfiteater både for romarane og for oss i moderne tid.

Romarane let seg inspirere av teaterkunsten og teatera. Men medan greske teater var plassert i naturlege skråningar, la romarane amfiteatera sine der dei ville, uavhengig av dei naturlege føresetnadene. Romerane brukte dei store amfiteatera til gladiatorkampar og kampar mellom ville dyr.

Dagens rester av Dionysosteateret i Athen. Foto.

Scenekunst

Grekarane utvikla teateret til ei kunstform med fast oppbygning. I Poetikken fortel Aristoteles kva som var godt teater. Det meste av dette verket er gått tapt. Det som er att, forklarer i hovudsak om form og oppbygging av tragedien. I følge Aristoteles er det tre grunnleggande dramatiske sjangrar: tragisk, komisk og episk dikting. Dessverre har også dei aller fleste greske teaterstykka gått tapt. Men fleire av dei som er att, vert spelt også i dag.

Romarane hadde vørdnad for og framførte gresk teater, men dei hadde også sine eigne teatertradisjonar. Då romarane framførte greske eller gresk-inspirerte stykke, vart dei gjerne kalla fabula palliata, palliata-teater, oppkalla etter den greske klesdrakta palliata. Romerske stykke var gjerne komediar, og vart kalla toga-teater, etter den romerske togaen. Medan romerske byar hadde både teater for dramaoppsetjingar og konsertsalar for musikk, var det dei enorme amfiteatera som verkeleg trekte folk. Der var det gladiatorkampane som var hovudunderhaldinga.

Scene fra en filmatisering av Lysistrata. Foto.

Eit samandrag av komedien Lysistrata på norsk, med tilhøyrande arbeidshefte finn ein på denne lenka: Teatertekst i klasserommet. Arbeidshefte.

Relatert innhald

Det siste hundreåret før vår tidsrekning var då hærføraren Julius Cæsar kom tilbake til Roma som ein helt, etter å ha lagt heile Gallia under seg.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 03.04.2018

Læringsressursar

Antikken