Hopp til innhald

Fagstoff

Krig og kultur

Dei greske polisane var stadig i krig. Dei trengde soldatar, og det var med på å presse fram borgarrettar og demokrati mange stadar. Det vi kallar klassisk tid i Hellas, starta med persarkrigane.
Slaget ved Salamis mellom ein allianse mellom greske bystatar og Persia. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sparta og Athen

Først i 490 og så i 480 f.Kr., blei dei greske polisane angripne av persarane frå aust. Dei to sterkaste polisane, Sparta og Athen, stod saman og slo persarane tilbake.

I 478 f.Kr. drog Sparta seg ut av krigen og reiste heim. Då kalla Athen inn til eit stort møte, der det møtte opp representantar frå omtrent 100 polisar. Dei gjekk saman i ein allianse vi i dag kallar “Det athenske sjøforbundet”. Sjøforbundet blei eit viktig verktøy for Athen for først å drive persarane ut av området og seinare å utvide si eiga makt.

Den veksande makta til Athen gjorde spartanarane usikre, og det utvikla seg ei spenning mellom dei to stormaktene. Sparta var også leiar i ein allianse, forbundet i Peloponnes, og dei gjekk til krig mot Athen og deira allierte i 431 f.Kr. Etter nesten tretti år med krig, vann Sparta i 404 f.Kr., men freden varte berre nokre få år før Athen slo seg saman med nokre av Sparta sine tidlegare allierte og gjekk til krig på nytt. På den måten svekka dei største greske polisane kvarandre kraftig og gjorde det enkelt for makedonarane å ta kontroll mot slutten av 300-talet f.Kr.

Frå bystat til imperium

Borgarrett er ein nøkkel når vi skal forstå korleis polisen Roma utvikla seg frå bystat til imperium. I dei greske polisane måtte ein mellom anna eige jord for å vere ein borgar.

I Romarriket gjekk dei bort frå dette kravet da dei begynte å ekspandere. Romarane delte ut borgarstatus som ein måte å byggje alliansar på. Soldatar utan jord opparbeidde seg også borgarrett. Dermed fekk ein etterkvart mange eigedomslause borgarar. Frå 200-talet f.Kr. fekk alle frie menn borgarrett.

I polisane var det borgarane som bestemte gjennom folkeforsamling, og i tidlegare samfunn var det ein leiar som var «ein av folket». Slike rike vart difor styrt mykje gjennom personlege relasjonar. Ein stat derimot, blir styrt gjennom upersonlege, byråkratiske former.

Eit imperium blir danna gjennom erobring av landområde der det er fleire folkeslag.

Hellenistisk kultur

Dei greske polisane delte eit rikt kulturelt fellesskap. Dei snakka same språk, dyrka mange av dei same gudane og fortalde dei same mytane. Mange av polisane var koloniar under andre polisar, og følte eit slektskap gjennom dette. Dette gjorde at dei ofte sto saman når framande makter trua, sjølv om mange polisar elles kjempa krigar seg imellom. Det felles opphavet gjorde også at dei samla seg til ulike former for festivalar og feiringar, som t.d. dei kjende olympiske leikane.

Den greske kulturen, ofte kalla hellenisme, blei sett opp til av nabokulturar. Det er noko av forklaringa på kvifor mange sider ved den greske kulturen kunne spreie seg og blomstre også etter at Athen si blomstringstid var over. Spreiinga skjedde både på fredeleg vis gjennom handel, og gjennom krig. På 330- og 320-talet hærtok den makedonske kongen Aleksander den store, som sjølv var halvt gresk, store område i Nord-Afrika og austover heilt til India. Erobringstokta hans var med på å spreie hellenismen til nye område.

Romarriket let seg også inspirere av gresk kultur, og gjorde store delar av han til sin. Dermed kan vi kanskje seie at eit gresk imperium spreidde seg likevel.

Relatert innhald

Greske bystatar vart kalla polis. Det var over 600 av dei, og dei var ganske forskjellige. Men dei fleste polisar hadde likevel ein del felles trekk.

"Romulus si hytte" på Palatinhøgda i Roma, er det første sporet av romersk busetjing i det som skulle bli hovudstaden i eit mektig tusenårsrike.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 12.09.2017

Læringsressursar

Antikken