Kvar kjem demokratiet frå?
Er det mogleg å finne sjølve kjelda til demokratiet, eller har demokratiet fleire røter? Ofte blir Athen peikt ut som «demokratiets vogge», men er det rett?
![Gresk tempel. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/CiOQZ6PD.jpg?width=1024&cropStartX=99.35841480446928&cropEndX=0.33606843575418993&cropStartY=72.44015957446808&cropEndY=2.2273936170212765)
Oppgåve
Skriv ein tekst der du drøftar påstanden «Athen er demokratiets vogge». Du kan byggje vidare på oppgåver som du har jobba med undervegs i dette temaet.
Teksten bør innehalde
- ei innleiing
- ei vurdering av demokratiske sider ved Athen og den romerske republikken i antikken, samanlikna med eit moderne demokrati
- ei vurdering av kor viktig Roma og Athen har vore som inspirasjonskjelder for det moderne demokratiet
- ei oversikt over eventuelle andre viktige inspirasjonskjelder til det moderne demokratiet
- ein konklusjon: Er det rett å kalle Athen «demokratiets vogge»?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2021