Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Innleiing

CC BY-SA

Du har kanskje høyrt at Morgedal er «skisportens vogge» og at Mesopotamia er «sivilisasjonens vogge»? Ei vogge er ein stad spedbarn søv, og ordet blir gjerne brukt som eit bilete på staden der det heile begynte. Athen i antikken får gjerne æra for å vere staden der ideen om demokratiet oppstod, og det blir derfor ofte kalla for «demokratiets vogge».

Kva betydning hadde Athen for demokratiet slik vi kjenner det i dag? Er det andre stader som kan ha vore viktigare inspirasjonskjelder for det moderne demokratiet vårt enn Athen? Er det i det heile tatt rett å kalle Athen for demokratiet si vogge?

Før du kan svare på desse spørsmåla, må du lære litt om det athenske demokratiet.

Når du har fullført denne læringsstien, skal du

  • kunne forklare forskjellar og likskapar mellom demokratiet i Athen i antikken og eit moderne demokrati
  • kunne vurdere kor det moderne demokratiet har røtene sine
  • kunne vurdere om det er rett å kalle Athen for vogga til demokratiet

Det siste trinnet i denne læringsstien kan brukast som vurderingsoppgåve.