Læringssti
Du er no inne i ein læringssti:
Jakta på «demokratiets vogge»
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 5.02.2021
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 5.02.2021
Oppgåve
Er Roma demokratiet si vogge?
Mange historiebøker påstår at demokratiet kjem frå Athen. Men er dette ein myte? Kan det vere meir riktig å seie at Roma er demokratiet si vogge?
Oppgåve 1: Kor demokratisk var den romerske republikken?
- Kva sider ved den romerske republikken var demokratiske, og kva var udemokratiske?
- Samanlikn med Athen: Var Athen i antikken eller den romerske republikken mest demokratisk?
- Samanlikn med moderne demokrati: Kva for nokre av desse to liknar mest på eit moderne demokrati?
Oppgåve 2: Er det ein myte at Athen er demokratiet si vogge?
Den danske oldtidsforskaren Jens Krasilnikoff meiner det er ein myte at det moderne demokratiet vårt byggjer på Athens demokrati frå antikken.
Les artikkelen "Det gamle Athen ga oss ikke demokratiet" frå forskning.no og svar på spørsmåla under.
- Kva er Krasilnikoffs viktigaste påstandar og argument?
- Når og kvifor oppstod myten om Athen som demokratiet si vogge, ifølgje Krasilnikoff?
- Krasilnikoff meiner opplysningsfilosofane var inspirerte av Roma og ikkje Athen. Kven var opplysningsfilosofane, og kvifor er dei viktige i denne samanhengen?
Relatert innhald
Fagstoff
Romarriket: Frå polis til imperium"Romulus si hytte" på Palatinhøgda i Roma, er det første sporet av romersk busetjing i det som skulle bli hovudstaden i eit mektig tusenårsrike.