Hopp til innhald

Oppgåve

Antikken og demokrati

I denne oppgåva skal du jobbe med å samanlikne det moderne demokratiet i dag opp mot demokratiet i antikken.

Idealisert rekonstruksjon av  Akropolis, Athen i antikken. Fleire store tempel med søyler på ei høgde. Grupper av menneske er samla på høgda. Måleri.

Oppgåve 1: I klassen

Kva legg de i «moderne demokrati»? Lag ei oversikt over kva kriterium de meiner bør liggje til grunn for at ein moderne stat skal kunne kallast eit demokrati.

Oppgåve 2: Individuelt

Set opp eit skjema der du samanliknar Athens styresett med klassen sitt syn på kva eit demokrati skal vere. Bruk animasjonen, det du har lese her på NDLA, og det du har lese andre stader. Kanskje må du også gjere nokon søk.

Oppgåve 3: Individuelt

Vurder følgjande:

  1. Kva for argument taler for at vi kan kalle Athen i antikken for eit demokrati?
  2. Kva for argument taler mot at vi kan kalle Athen i antikken for eit demokati?
  3. Konklusjon: Ut frå dei argumenta du har funne, er det riktig å seie at Athen er vogga til demokratiet? Grunngi svaret.

Oppgave 4: I klassen

  1. Del argumenta med klassen og set opp ei oversikt på tavla.
  2. Diskuter konklusjonen. Er de einige?
Sist faglig oppdatert 27.09.2018
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen

Læringsressursar

Utviklinga av demokratiet og demokratisk deltaking

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar