Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvar kjem demokratiet frå?

Er det mogleg å finne sjølve kjelda til demokratiet, eller har demokratiet fleire røter? Ofte blir Athen peikt ut som «demokratiets vogge», men er det rett?
Gresk tempel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Skriv ein tekst der du drøftar påstanden «Athen er demokratiets vogge». Du kan byggje vidare på oppgåver som du har jobba med undervegs i dette temaet.

Teksten bør innehalde

  • ei innleiing
  • ei vurdering av demokratiske sider ved Athen og den romerske republikken i antikken, samanlikna med eit moderne demokrati
  • ei vurdering av kor viktig Roma og Athen har vore som inspirasjonskjelder for det moderne demokratiet
  • ei oversikt over eventuelle andre viktige inspirasjonskjelder til det moderne demokratiet
  • ein konklusjon: Er det rett å kalle Athen «demokratiets vogge»?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2021

Læringsressursar

Utviklinga av demokratiet og demokratisk deltaking