Hopp til innhald

Oppgåve

Er Roma demokratiet si vogge?

Mange historiebøker påstår at demokratiet kjem frå Athen. Men er dette ein myte? Kan det vere meir riktig å seie at Roma er demokratiet si vogge?

Kvitt monumentalbygg med kuppel og søyler. Foto.

Det amerikanske demokratiet blir rekna som eit av dei første moderne demokratia. Den eine avdelinga i den amerikanske kongressen blir kalla Senatet, og dei som sit der er senatorar, etter førebilete frå den romerske republikken. Arkitekturen er også inspirert av antikken.

Oppgåve 1: Kor demokratisk var den romerske republikken?

  1. Kva sider ved den romerske republikken var demokratiske, og kva var udemokratiske?
  2. Samanlikn med Athen: Var Athen i antikken eller den romerske republikken mest demokratisk?
  3. Samanlikn med moderne demokrati: Kva for nokre av desse to liknar mest på eit moderne demokrati?

Oppgåve 2: Er det ein myte at Athen er demokratiet si vogge?

Den danske oldtidsforskaren Jens Krasilnikoff meiner det er ein myte at det moderne demokratiet vårt byggjer på Athens demokrati frå antikken.

Les artikkelen "Det gamle Athen ga oss ikke demokratiet" frå forskning.no og svar på spørsmåla under.

  1. Kva er Krasilnikoffs viktigaste påstandar og argument?
  2. Når og kvifor oppstod myten om Athen som demokratiet si vogge, ifølgje Krasilnikoff?
  3. Krasilnikoff meiner opplysningsfilosofane var inspirerte av Roma og ikkje Athen. Kven var opplysningsfilosofane, og kvifor er dei viktige i denne samanhengen?
Sist faglig oppdatert 14.01.2022
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen

Læringsressursar

Utviklinga av demokratiet og demokratisk deltaking

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar