Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Direkte og indirekte demokrati

I Athen i antikken hadde ein eit direkte demokrati, mens vi i Noreg i dag har eit indirekte demokrati. Kva er mest demokratisk?
Eit barometer i eit NRK-studio viser nei-fleirtal i EU-røystinga i 1994. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Omgrepsforklaringar

Undersøk og forklar kort:

  1. Kva er direkte demokrati?
  2. Kva er indirekte demokrati?
  3. Kva er forskjellane og likskapane mellom desse to ulike formene for demokrati?

Oppgåve 2: Undersøk det athenske og norske demokratiet

  1. Undersøk korleis det direkte demokratiet i Athen fungerte, og forklar kort.
  2. Undersøk korleis det indirekte demokratiet i Noreg fungerer, og forklar kort.
  3. Noreg har òg teke i bruk direkte demokrati i enkelte tilfelle i moderne tid. Undersøk korleis dette blir gjennomført, og i kva tilfelle dette har blitt gjort. Forklar kort.

Oppgåve 3: Drøft påstanden

For borgarane i Athen i antikken betydde demokrati at dei sjølv var med på å ta avgjerder som påverka deira eige liv. Drøft påstanden:

Direkte demokrati er meir demokratisk enn indirekte demokrati.

Oppgåve 4: Er eit indirekte demokrati nok?

I nyare tid har Noreg delteke i fleire krigar, som til dømes i tidlegare Jugoslavia i 1999, i Afghanistan i 2001 og i Libya i 2011. I 1999 og 2001 blei saka behandla både i Regjeringa og på Stortinget, men i 2011 blei avgjerda teken av Regjeringa åleine. Dette er mogleg etter norsk lov. Uansett blei ikkje dei norske veljarane spurde direkte i nokon av tilfella.

Å gå i krig er ei alvorleg avgjerd. Er det eit demokratisk problem at veljarane ofte ikkje får nokon direkte medverknad i slike store spørsmål, eller er eit indirekte demokrati tilstrekkeleg i slike tilfelle? Prøv å finne argument for begge synspunkta.

Oppgåve 5: Indirekte demokrati i eit moderne samfunn?

  1. Er det praktisk mogleg å berre bruke ei direkte form for demokrati i eit moderne samfunn som Noreg? Grunngi svaret!
  2. I kva tilfelle meiner du ein bør bruke direkte demokrati i Noreg?

Kjelder

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Utviklinga av demokratiet og demokratisk deltaking