Hopp til innhald

Fagstoff

Kongerike og føydalisme i mellomalderen

Etter at Romarriket gjekk i oppløysing i Vest-Europa, danna det seg nye rike, og ein ny samfunnsstruktur spreidde seg: føydalismen.
Kongeleg vogn i mellomalderen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tre nye rike

Tre rike voks fram på det europeiske kontinentet etter at Vestromarriket fall i 400 e.Kr. Det var Frankarriket, det tidlegare Austromarriket (Bysants) og det arabiske riket som strekte seg til Den iberiske halvøya (Spania og Portugal). Roma mista den politiske posisjonen sin som sentrum i Europa.

Konge, adel og kyrkje

I Vest-Europa utvikla det seg gjennom mellomalderen kongedømme i stadig kamp mot både adelen og kyrkja i vakuumet etter Romarriket. I det bysantinske riket, derimot, var kyrkja underlagd keisarmakta. Det store arabiske riket som voks fram i perioden frå 600 til 1000 e.Kr., var basert på islamsk erobring. Vi skal først og fremst konsentrere oss om Vest-Europa. For å forstå utviklinga i Vest-Europa må vi likevel trekkje inn påverknaden frå dei to andre områda.

Føydalisme

Føydalisme er eit nøkkelomgrep når vi snakkar om tidleg mellomalder i Vest-Europa. Grunnen er at det føydale samfunnet var ein økonomisk og politisk grunnmur både for kyrkja og for dei nye kongedømma som vokste mot slutten av seinmellomalderen.

Føydalstatane var jordbruksområde med lokale politiske, rettslege og økonomiske funksjonar. Lokalstatane gav vern til bøndene og sikra økonomisk overskot for dei store jordeigarane, adelen. Grunnlaget for denne ordninga var at vernet som romarane hadde gitt innbyggjarane sine, forsvann då Vestromarriket fall. No blei det urolege tider. Store folkevandringar og stadige angrep frå andre folkegrupper, til dømes vikingane, førte til utrygge handelsvegar. Å drive handel var ikkje lenger så lett, og jordbruk blei den viktigaste næringsvegen.

Føydalismen er kjenneteikna ved at lokale godseigarar eller storbønder fekk kontroll over større jordeigedommar og eit økonomisk overskot frå dei eigedommane dei rådde over. Eigedomslause bønder og handverkarar var den viktigaste arbeidskrafta deira. «Ufrie» bønder dreiv jordbruket for godseigaren. Nokre hadde slaveliknande kontraktar. Andre stod friare. Mange bønder i Vest-Europa var liveigne, det vil seie at dei blei rekna som eigedommen til godseigaren. I tillegg var det vanleg at dei var stavnsbundne. Det vil seie at dei ikkje hadde lov til å flytte frå godset.

Bønder gjer klar åkeren til vinteren. I bakgrunnen er ein høg mur foran eit stort slott. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til forskjell frå slavane i antikken var dei liveigne ikkje rettslause. Sidan føydalsamfunnet var heilt avhengig av at bøndene produserte eit økonomisk overskot, var det viktig å gi dei vern. Vanlegvis hadde føydalherren eit eige rettsapparat, med eige fengsel og eigen domstol.

Nokre føydalherrar samla seg etter kvart under dei mektigaste jordeigarane. Den aller mektigaste fekk tittelen konge. Slik utvikla det seg eit hierarki av adelsmenn. I maktpyramiden stod kongen øvst, så lensherrar med rett til å styre over den jorda kongen rådde over, som var delt opp i ulike len. Lensherrane hadde rett til å bestemme over lena. Dei fekk inntekter frå bøndene som dreiv jorda, mot å sikre kongen dei skatteinntektene han kravde. I tillegg måtte dei skaffe soldatar og utstyr til kongen sin hær. Ein slik lensherre var adeleg og fekk tittelen kronvasall. Lenger nede i pyramiden fanst lensherrar med mindre jord og makt. Nokre var lensherrar under kronvasallane.

Biskopar forvalta òg ofte kyrkja sine jordeigedommar, som geistlege føydalherrar. Ønsket om å sikre seg kyrkja sin gunst – og frelse – hadde gjort det vanleg med donasjonar (gåver) til kyrkja, gjerne i form av eigedom. Det gjorde det mogleg å hente inn kyrkjeskatt og sikre økonomisk overskot til paven i Roma. Sjølv om Romarriket hadde gått i oppløysing politisk, heldt pavekyrkja fram med å vere ein viktig maktfaktor i Vest-Europa.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Nanna Paaske. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 06.11.2020

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt