Hopp til innhald

Fagstoff

Maktkorridorane 1388

Året er 1388, og Noreg er i ei politisk krise etter at kong Olav 4. døyr året før. Det er ingen søner som kan arve han. Den svenske kong Albrekt 3. av Mecklenburg er næraste arvtakar til den norske trona. Men den norske adelen vender seg i staden mot dronning Margrete, og saman legg dei ein plan.
Dronning Margretes segl
Opne bilete i eit nytt vindauge

«Mektig husfrue og rett husbond»

Dronning Margrete står nemleg ikkje på heilt bar bakke. Alt ei veke etter at sonen døyr, vel det danske riksrådet henne til Danmarks «Frue og husbonde». Det vil seie at ho får regjerande makt i Danmark, sjølv om ho aldri kan titulere seg som dronning. No ser Margrete sjansen til å få tilbake Noreg.

Det norske riksrådet bestemmer seg nemleg for å velje dronning Margrete som «mektig husfrue og rett husbond» av Noreg. Ho får titulere seg som dronning av Noreg, og samtidig blir det bestemt at arverekkja frå no av skal reknast frå henne. Ho vel søsterdottersonen sin, Erik av Pommern, som arvtakar til den norske trona. Erik er berre seks år gammal, så det blir oppretta eit formyndarskap for han der Dronning Margrete styrer i hans stad saman med det norske riksrådet.

Bilde av dronning Margrete 1
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kong Albrekt mister fotfeste

Vi flyttar oss eitt år fram i tid til 1389, for no byrjar kong Albrekt å få problem med adelsmennene i Sverige. Dei er leie av at han gir så store fordelar til Mecklenburgske menn på kostnad av den svenske adelen.

Dette er riktig så heldig for dronning Margrete, for same året går også svenskane bak kongens rygg og vel henne som «riktige husfrue og husbonde» av Sverige. Saman legg dei no planar om å felle kong Albrekt.

Kong Albrekts fall

Dronning Margrete har no ein norsk-svensk-dansk hær på rundt 10.000 mann som marsjerer mot kong Albrekts hær i Falköping i Sverige.

Albrekts hær på 18.000 mann har alt forskansa seg i Falköping, og kongen funderer no på kva han skal gjere. Han får motseiande råd. Ein av dei svenske adelsmennene rår han til å unngå myra som ligg mellom dei to hærane og heller gå rundt. Han rår også kongen på det sterkaste til å avvente nokre dagar. Men ein av dei tyske rådgivarane rår heller til å angripe straks og ri gjennom myra. Kongen vel å følgje det tyske rådet.

24. februar 1389 er riktignok ein vinterdag, men myra er ikkje frosen nok til å tole vekta av alle dei tungt utstyrte hestane som no rir over den. Hestane søkk, og dei og riddarane kavar snart rundt i myra utan skikkeleg fotfeste. Det er no ei smal sak for dronning Margretes hær å ta kong Albrekt til fange.

Historia om Albrekts fall er henta frå «Svenska familj-journalen 1866» i revidert utgåve frå 2008 Slaget vid Falköping 1389

Du finn skildringa halvvegs ned på sida.

Kong Albrekt i fangenskap

Kong Albrekt må sitje som dronning Margretes fange på Lindholm slott i Sverige heilt til 1395. Etter det får han reise tilbake til Mecklenburg der han døyr i 1412. *Segna seier at kong Albrekt skal ha håna dronning Margrete ved å kalle henne «kong bukselaus». Han skal også ha sendt henne ein slipestein til synålene hennar. Ei klar fornærming til dronninga i nabolandet.

Vidare skal han også ha svore aldri å bruke hette (hovudplagg) før han erobra Danmark. Som svar på tiltale skal dronning Margrete derfor ha fått sydd ein hatt til Albrekt med langt slep når han sat på Lindholm som fange. Ein hatt med langt slep kan neppe ha vore eit særleg mandig hovudplagg og må ha vore svært nedverdigande for den tidlegare svenske kongen å få sett på hovudet.

Relatert innhald

Dette fagstoffet tilhøyrer den interaktive oppgåva "Maktkorridorane". Du får i denne serien ei enkel innføring i maktkampen i framkant av Kalmarunionen.

CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 25.09.2017

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt