Hopp til innhald

Fagstoff

Tap av sjølvstende – Noreg under dansk styre

I 1905 gjekk den danske prinsen Carl i land i Kristiania. Under namnet Haakon 7. blei han den første norske kongen på over 500 år. I 1397 gjekk Noreg nemleg inn i ein union saman med Sverige og Danmark. Det skulle vise seg å vere byrjinga på ei over fem hundre år lang unionstid for Noreg.
Ung gutt og kvinne kledd i krone og flotte klede står på eit podium foran ei samling menneske. Ein trone og ein mann med biskoplue og stav kan sjåast i bakgrunnen. Tresnitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opptakta til unionen

Den tidlegare omtalte borgarkrigstida i Noreg var ikkje unik. Naboane våre i aust og sør opplevde òg tilsvarande uro og kampar om trona om lag på same tid. I slike tilfelle var det ekstra viktig å skaffe seg støtte på tvers av landegrensene. Som vi har sett, var ein av dei vanlegaste måtane for kongar å inngå slike alliansar på, å la barna gifte seg med kvarandre. Dette skjedde fleire gonger i Noreg, Sverige og Danmark gjennom 1200- og 1300-talet.

Kalmarunionen og dronning Margrete

Denne stadige inngiftinga førte på slutten av 1300-talet til at den unge Olav Håkonsson stod som einaste arving til trona i alle dei tre skandinaviske landa. Men Olav rakk aldri å bli konge i alle dei tre landa før han sjølv døydde, berre 17 år gammal. I staden var det mora hans, den listige og politisk kløktige dronning Margrete, som greidde å samle dei tre landa under seg.

Kalmarunionen var ein personalunion mellom kongerika Danmark, Noreg og Sverige. Unionen blei underteikna under eit møte på Kalmar slott i Sverige i 1397, der den norske, danske og svenske adelen var samla for å vere med på å utarbeide og godkjenne unionsbrevet, og for å oververe kroninga av Erik av Pommern som konge over dei tre rika. Erik av Pommern var son av systerdotter til dronning Margrete. I 1389 blei han hylla som konge i Noreg, under formyndarskap av Margrete. Då var han berre sju år gammal.

Unionen fekk raskt tyngdepunktet sitt i Danmark, sjølv om partane i utgangspunktet skulle vere likeverdige. Svenskane var ikkje fornøgde med situasjonen, og det skjedde stadig opprør frå svensk side. Den endelege slutten på Kalmarunionen kom i 1523, då Gustav Vasa blei vald til svensk konge. Men Noreg braut ikkje ut av unionsfellesskapen med Danmark før i 1814. I løpet av desse åra hadde unionen fått eit endå tydelegare tyngdepunkt i Danmark, og Noreg var for alvor blitt veslebror blant dei skandinaviske landa.

Portrett av Gustav Vasa, konge av Sverige 1523-1560. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor union?

Mange historikarar har prøvd å svare på kvifor og korleis Noreg kunne gå frå å vere ein tilsynelatande velfungerande stat til å bli ein underlegen part i ein 400 år lang union. Forklaringane har vore mange og ulike, men politikken i tida før unionen kom i stand, ser ut til å vere ein utløysande faktor. Ønsket om å skaffe politisk slagkraft og makt var stort, og giftarmålsalliansane på tvers av landegrensene blei derfor mange. Slik blei dei tre kongehusa tett samanvovne, til ein til slutt stod med éin arving til alle tronene.

Samtidig står vi att med spørsmålet om kvifor Noreg blei ståande som den svakaste parten i unionen. Ei av forklaringane har vore at svartedauden slo hardt til i Noreg, og at det derfor var vanskeleg å stable ei eiga sentralmakt på beina etter «den store manndauden». No er det liten tvil om at pesten òg herja i dei to andre skandinaviske landa, så dette er vel neppe ei tilfredsstillande forklaring åleine. Ein annan faktor kan vere at Noreg er geografisk svært stort, og dermed vanskeleg å styre. I ei tid med få og ineffektive kommunikasjonar måtte det ei godt utvikla sentralmakt til for å greie det. Derfor kan det ha vore ein fordel å gå inn i ein større og sterkare einskap.

CC BY-SASkrive av Annikken Johansen. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 18.12.2020

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt