Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk ættesamfunn i møte med det føydale Europa

Tida mellom 700 og 1000 e.Kr. fekk europeiske kongedømme hyppigare besøk av folk frå nord. Skandinaviske grupper reiste ut for å drive handel, etablere nye busetnader og for å plyndre. Dei reiste i «viking» – derfor namnet «vikingtid».
Tre menn byggjer eit tradisjonelt langskip av tre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å reise i viking

Bønner frå 900-talet fortel om frykta for folket frå nord: «Fri oss herre, frå vreiden til nordmennene» bad dei i britiske kyrkjer på 900-talet.

Svenske grupper reiste ofte austover, langs dei russiske elvane Volga og Dnjepr, og etablerte seg mellom anna i Novgorod og Kiev. Politisk uro og folkevandring i Vest-Europa var eit hinder for vegen sørover. Derfor var handel i «austerveg» meir freistande.

Danske og norske vikingar drog i «vesterveg», til dei britiske områda og langs kysten sørover på det europeiske kontinentet. Men norske vikingar drog òg i «austerveg», til Konstantinopel, som dei kalla «Miklagard» – den store byen. I den største kyrkja der rissa dei inn runene sine i rekkverket. Runene står der den dag i dag. Det var likevel vegen vestover, til Irland, Skottland, Hebridane, Orknøyane, Shetland og Færøyane, og til Island og Grønland, som var den vanlegaste vegen for dei norske handelsferdene.

Kart over Europa med linjer og årstal som markerer vikingferder.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor reiste vikingane ut?

Historikarane legg særleg vekt på at folkevekst i dei skandinaviske områda skapte press på jorda og behov for meir ressursar og nytt land. Det blei rydda nytt land, men truleg var tilgangen på eigna jord avgrensa. Mange valde derfor å reise ut av landet. Dei etablerte seg på nye stader, der dei kunne drive nydyrking, slik som på Island. Båtane ser ut til å ha blitt betre eigna for lengre seglasar. Arkeologiske funn viser at skandinavane tidlegare hadde rodd båtane, men etter 700 var båtane utrusta med segl. Dessutan gjorde flate botnformer at farkostane var stødige og i stand til å leggje til der det var langgrunt. Dei kunne òg brukast på grunne elvar. Meir kontakt sjøvegen gjorde at handelen i dei norske områda auka.

Ei forklaring på at mange av tokta var reine plyndringstokt, er at vald, heltemot og ære var høgt skatta verdiar i det norrøne samfunnet. Å døy i kamp og krig stod høgre enn å døy av alderdom eller sjukdom. Den som døydde i krig, var sikra plass hos gudane i Åsgard. Her har det truleg òg hatt mykje å seie at ætta si ære stod høgt i den norrøne kulturen. Ei ætt som kunne vise til rikdom, jordeigedommar og store heltebragder, var sikra status i hovdingsamfunna i nord.

I tillegg var trælane ei viktig arbeidskraft i det nordiske jordbruket. Å ta til fange folk som kunne handtere tunge lyft i eit vêrhardt klima, var truleg avgjerande for å sikre drifta på gardane.

Landa vikingane reiste til, var heller ikkje så vanskelege å angripe. Forsvarsstyrkane i dei nye kongedømma i Vest-Europa var lite koordinerte. Ikkje alle føydalherrar heldt lovnaden til kongen om å stille med bondesoldatar til forsvar av kongedømmet. Derfor kan det ha vore eit uorganisert og tynt forsvar vikingane møtte når dei var på tokt. Lite motstand og rike skattar gjorde tokta freistande.

Lave steinmurar i formasjon i eit grønt landskap. Bakerst i biletet kan ein sjå ruinane av eit lite steinhus.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endra årsaker til å reise i viking

Vikingtokta ser ut til å ha endra karakter over tid. Angrepet på klosteret i Lindisfarne i 793 blir rekna som starten på vikingtida. Det var det første av ei rekkje spontane handels- og plyndringstokt på 800-talet. Seinare følgde meir organiserte tokt, der vikingane overvintra og rydda nye busetnader.

Mot slutten av perioden drog kongsemne på vikingtokt for å prøve å utvide kongedømmet sitt. Rundt 878 etablerte danske hovdingar seg i midtre delar av England og innførte danske lover. Områda blei derfor kalla Danelag. Harald Hardråde sitt forsøk på å leggje under seg England i 1066 blir rekna som det siste vikingtoktet.

Illustrasjon i middelaldersk stil av riddarar til hest som kjemper med sverd og øks.
Opne bilete i eit nytt vindauge

At vikingtokta tok slutt omkring år 1000, hadde fleire årsaker. Dei nye kongedømma i England og Frankrike sikra seg meir effektive hærar, med bondesoldatar og væpna riddarar. No var det ikkje lenger så enkelt å kome sigrande ut av røvartokta! Og kristendommen endra den gamle krigerske kulturen. Eit anna sentralt element var at ideen om å samle større område i kristne kongedømme òg hadde nådd Skandinavia.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Nanna Paaske. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt