Hopp til innhald

Fagstoff

Naudbrevet til dronning Margrete – ei forklaring

Om moderne historieforsking har rett i at økonomien til kongen var god i tida etter svartedauden, kva er så grunnen til at dronning Margrete og hoffet hennar ikkje hadde mat på bordet på Akershus slott i oktober 1370?
Skulptur av dronning Margrete. Ansiktet er alvorleg. I handa held ho eit samanrulla brev. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I pengeknipe

At dronning Margrete verkeleg ikkje hadde mat og drikke til seg sjølv og hoffet, kan vi neppe tvile på. Sant er det nok òg at ho var i ei lei pengeknipe. Kronisk pengemangel var rett nok noko som karakteriserte alle europeiske kongehus i mellomalderen. Men at pengemangel direkte skulle råke hushaldet til kongefamilien, var likevel uvanleg, sjølv om dei ofte hadde problem med å betale den private gjelda si.

Nyare forsking hevdar at kongen ikkje var i økonomisk krise. Om så er tilfelle, kvifor sat då Noregs dronning utan mat og drikke?

Oppgåva til ein historikar er å forklare kjeldene. Vi må derfor sjå på andre moglege grunnar. Skatt og jordleige blei betalt i form av naturalia, det vil seie at dei ikkje blei betalt i pengar, men i varer. Mottakaren av denne skatten eller jordleiga brukte slike naturalia i eige hushald. Dette gjaldt òg det norske kongehuset.

Dårlege vegar

I mellomalderen var forsyningssituasjonen svært dårleg, prega av til dels elendige vegar og dårlege framkomstmiddel. Spesielt om våren var vegane gjørmete og utilgjengelege, og "vårknipa" var eit kjent fenomen. Det var perioden då vinterlageret av mat begynte å ta slutt, før ein fekk tilgang på nye varer. Lettast var det å få fram varer på vinterstid når ein kunne bruke slede og dessutan ta snarvegen over islagde elver og innsjøar. Landtransporten sommarstid var derimot vanskeleg og kostbar. Vêr og føre spelte sjølvsagt òg inn når ein skulle betale jordleige og skatt i naturalia.

Nye pestangrep

I tida etter svartedauden fekk ein om lag kvart tiande år eit nytt pestangrep som var med på å halde folketalet nede heilt til ut på 1600-talet. I 1360 fekk vi "Den store barnedauden", som særleg kravde unge offer. I 1370–1371 kom endå ein ny pest, etterfølgd av to nye i 1379 og 1391–1392.

Ei mogleg forklaring på dronning Margrete sin mangel på mat og drikke kan altså vere ein vanskeleg forsyningssituasjon i kjølvatnet av eit pestangrep seinsommaren 1370.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 22.09.2017

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt