Hopp til innhald

Fagstoff

Maktkorridorane 1380

Året er 1380. Akershus slott i Oslo er slottet og festningen til den norske kongen. Kong Håkon 6. Magnusson er konge av Noreg og Margrete er hans dronning. Saman har dei sonen Olav på 10 år.
Akershus festning ca. år 1300. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein mektig familie

Dronning Margrete er ein kløktig politikar. Då far hennar, den danske kong Valdemar Atterdag, døydde i 1374, var det eigentleg fetteren til Olav som var peika ut som arvtakar til den danske trona. Men Margrete hadde andre planar og greidde å få dei danske stormennene på si side. Samtidig fekk ho dei tyske sjøbyane, som hadde ved danske kongeval, til å halde seg nøytrale ved å love dei fornya i Noreg. Dermed var det enkelt å få Olav vald til dansk konge ved riksmøtet i 1376. Ettersom Olav den gongen berre var 4 år gammal, blei det oppretta eit formyndarskap som skulle styre i hans stad, med dronning Margrete i spissen.

Den norske kongefamilien tek til å bli ein mektig familie. Kong Håkon 6. styrer Noreg og Vest-Sverige, og dronning Margrete styrer Danmark for sonen Olav.

Kong Håkon 6. døyr

I 1380 døyr kong Håkon 6., og sonen Olav 4. arvar den norske trona. Då Olav framleis er umyndig, blir det oppretta endå eit formyndarskap for han. Riddaren Oggmund Finnsson blir , og saman med riksrådet styrer dei i Olavs stad til han blir myndig.

Olav 4. er no konge av Noreg, Vest-Sverige og Danmark. I 1381 blir han hylla som norsk konge i Nidaros. I 1385 blir han myndig konge og tek også tittelen "Sann arvtakar til Sverige".

Men i 1387 døyr plutseleg Olav 4. på Falsterbro slott i Skåne. Noreg har ingen andre direkte arvtakarar til den norske trona.

Maktkampen om den norske trona er eit faktum. Etter norsk tronfølgjelov er det den svenske kong Albrekt 3. av Mecklenburg som er næraste arvtakar. Men dette er ikkje ei leveleg løysing for den norske adelen som i ei årrekkje har kriga for Håkon 6. mot Mecklenburgarane om makta i Sverige. Det raslar i sablane, Noreg er i ei djup politisk krise. Er det faste politiske grepet til Margrete i ferd med å gleppe? Kva vil eigentleg det norske riksrådet gjere?


Konge av Sverige

Fordi kong Håkon styrte Vest-Sverige, kunne han også titulere seg som konge av Sverige.

Olavs farfar Magnus Eriksson arva både den norske og svenske trona i 1319. Men personalunionen førte til ein del konfliktar med adelen i begge landa. Då han fekk to søner, blei det bestemt at eldstesonen Erik skulle vere arvtakar til Sverige, mens Håkon 6. fekk arve Noreg då han blei myndig i 1355. Håkon 6. måtte derimot stadig hjelpe faren som sleit med indre konfliktar i Sverige i åra som følgde.

CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 02.10.2017

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt