Hopp til innhald

Fagstoff

Adelsveldet i Europa

Adelsveldet var blitt dominerande som styreform i mange av dei europeiske statane i løpet av mellomalderen. Mange stader heldt adelsveldet fram med å vere ei vanleg styreform gjennom 1500- og 1600-talet, men med svært ulike lokale tilpassingar.
Eit stort utsmykka telt pryda med flagg. Inni teltet står ein prest og eit alter med kors og talglys. Mange menneske er samla utanfor teltet i grupper. Fleire telt kan sjåast i bakgrunnen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Makta til adelen

Som namnet tilseier, var makta til adelen ein sentral del av statsstyringa. Adelen var i praksis store landeigarar, som gjennom eigedommane sine òg kontrollerte dei som anten leigde jorda, eller som, i nokre land, var bundne til landeigaren som liveigne. Denne kontrollen over folk gjorde at adelen kunne stille soldatar. Kongen var den fremste av landeigarane.

Riksrådet

Kongen blei vald av riksrådet, som var samansett av representantar for adelen. Riksrådet forhandla òg fram avtalen som kongen skulle styre etter. Avtalen blei kalla «handfesting». Medlemmene av riksrådet var dermed i ein posisjon der dei kunne forhandle seg fram til vilkår som var til deira fordel, til dømes at dei skulle takast med på råd i styringa av riket.

Portrett av kong Ludvig 14. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stendene

I tillegg til riksrådet var stendene med i statsstyringa. Samfunnet var delt i tre grupper eller stender. Det var presteskapet (dei geistlege), som utgjorde førstestanden, adelen, som utgjorde andrestanden og borgarskapen i byane, saman med dei frie bøndene, som utgjorde tredjestanden. Skilja mellom stendene var tydelege, og det var nærmast uråd å gå over frå éin stand til ein annan. Sjølv ein fattig adelsmann var adel, og ein rik bonde ein bonde. Avhengig av kva stand ein høyrde til, følgde det ulike rettar og plikter i samfunnet.

Adelen skulle syte for å stille soldatar for kongen. I byte fekk dei adelege skattefritak og einerett på viktige stillingar i statsapparatet.

Presteskapet representerte kyrkja. Denne standen blei frå slutten av 1500-talet i dei fleste europeiske land utvida til å gjelde alle sivile embetsmenn i staten. Blant pliktene deira var å vere representantar for staten og å utføre statlege oppgåver ute blant folket. Dei hadde rett til nokre skattefordelar og slapp unna militære plikter.

Den tredje standen bestod i dei fleste europeiske landa av byborgarar og frie bønder. Det var dei som hadde borgarbrev, som utgjorde borgarskapen i byane. Og det var berre borgarane som hadde rett til å drive med handel og handverk. Byborgarane hadde ein stor grad av sjølvstyre, men måtte vere budde på å hjelpe kongen med ekstraordinære skattar dersom situasjonen kravde det.

Dei frie bøndene var forplikta til å stille soldatar i den kongelege hæren og var òg dei som stod for hovuddelen av skattane i normalår. Dei hadde likevel rett til å protestere dersom skattane blei auka urettmessig. I mange europeiske land var det få frie bønder, så storparten av bøndene var mange stader i praksis ikkje med i tredjestanden.

Småkårsfolket, dei fattigaste, til dømes husmennene på landet og arbeidarane i byane, høyrde ikkje til nokon eigen stand. Det var adelsmannen som åtte jorda dei var knytte til, eller borgarane eller andre som dei arbeidde for, som blei rekna som deira representantar. Dei hadde dermed lite høve til å påverke samfunnet.

Stenderforsamlinga

Kvar av stendene hadde representantar i stenderforsamlinga. Stenderforsamlinga skulle kome saman når ein ny konge eller tronfølgjar skulle hyllast, etter at riksrådet hadde valt kongen. Stendene kunne òg bli kalla inn for å gi samtykke til nye skattar som skulle leggjast på befolkninga.

I mange statar var det ikkje berre éi stenderforsamling. I Frankrike måtte kongane ta omsyn til fleire regionale forsamlingar. Det same gjaldt kongane i Spania. I Danmark-Noreg var det òg to stenderforsamlingar på 1500-talet, ei for Danmark og ei for Noreg.

Hundrevis av menneske samla i ein utsmykka sal med søyler. Bakerst i salen kan ein skimte eit podium med ei gruppe menneske på. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis representantane frå kvar stand blei valde, varierte òg. Ofte hadde alle familieoverhovud innanfor adelen rett til å møte, medan dei andre stendene valde sine representantar.

Makta og stenderforsamlinga

Det var kongen som kalla inn til stenderforsamling. Dette gjaldt ikkje berre ved val av ny konge, men òg ved forhandlingar om nye skattar. Forhandlingane skjedde då anten samla i stenderforsamlinga eller i forhandlingar med kvar enkelt stand. For å forhandle om lokale skattar kunne det òg kallast inn til stenderforsamling for ein mindre del av landet, til dømes eit bestemt landdistrikt.

Kor mykje makt og innverknad dei ulike stendene hadde på styringa av landet, varierte frå land til land, og over tid. I Polen på 1500-talet hadde adelen uvanleg mykje makt. Gjennom eit eige parlament og råd valde dei kongen. Handlingsrommet til kongen var avgrensa, og han var bunden til å lytte til råda frå adelen. Dei andre stendene var i stor grad skovne ut av styringa av staten.

I mange tilfelle blei stendene kalla inn stadig sjeldnare opp gjennom 1500- og 1600-talet. Grunnen var ikkje at kongen ikkje hadde behov for å hente inn nye skattar. I nokre tilfelle fann krona nye måtar å påleggje skattar på som ikkje trong godkjenning frå stendene. Slik var det mellom anna med framveksten av toll på handel med utlandet. I andre tilfelle var nokre av stendene blitt sette så mykje ut av spel at det ikkje lenger var nokon å kalle inn. Dette var ofte tilfellet med tredjestanden, altså by- og bondebefolkninga. Det skjedde mellom anna både i Danmark og i Frankrike.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt