Hopp til innhald

Fagstoff

Adelsveldet og administrasjonen i Noreg

Styreforma under adelsveldet var kjenneteikna av desentralisering, altså at makta var spreidd til landsdelar og regionar. Når vi kjenner til korleis dette blei administrert, får vi innsikt i korleis folk opplevde staten, og også korleis dei hadde høve til å påverke sin eigen kontakt med staten.
Blyantteikning av ei øy med busetnad og ein stor festning. Skip og båtar på havet i forkant. Eit banner med påskrifta "Waardøhuus" og ei kompasstjerne er teikna øvst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Administrativ inndeling

Her skal vi sjå på korleis Noreg var administrert på 1500- talet og første del av 1600-talet.

Administrativt var Noreg på 1500-talet delt inn i fire hovudlen, eller slottslen. Lena fekk namn etter slotta eller festningane som var midtpunktet i det geografiske området: Baahuslen (Båhuslen og ytre Oslofjord), Akershus len (Austlandet og ein del av Agder), Bergenhus len (resten av Agder og Vestlandet) og Trondheim (Trøndelag, Jemtland og Herjedalen). Nord-Noreg blei etter kvart rekna som ein del av Bergenhus len, på grunn dei tette økonomiske banda mellom dei to landsdelane. Kvart av slottslena var så samansette av mindre einingar, som blei kalla «smålen» eller «godslen». Ved midten av 1600-talet blei strukturen endra. Slottslen heitte no hovudlen, og det var blitt ti av dei. Talet på smålen og godslen var gått ned frå 30 til ti.

Gjennom handfestinga, altså avtalen som kongen og riksrådet forhandla fram, hadde adelen sikra seg retten til å forvalte lena. Slottslena, eller hovudlena, var i all hovudsak styrte av dansk adel, som var medlemmer av riksrådet. Den lågare adelen kunne få tildelt mindre gods- eller smålen. Den vanlege bonden var underlagd det lenet han eller ho budde i.

Lensherren

Portrett i halvfigur av mann med halvlangt hår og velstelt skjegg og bart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lensherren skulle vere kontakten mellom kongen og folket. Oppgåva til lensherren var å føre tilsyn med kyrkja og rettsstellet. Han hadde òg ansvaret for innkrevjinga av skattar. Som mellommann bestemte lensherren kva saker som kom vidare til kongen, og kva saker som blei behandla lokalt. Lensherren var dermed ein av dei mektigaste i statsadministrasjonen.

Futen, byane og byfuten

Lensherren kunne sjølv bestemme korleis han skulle administrere lenet sitt. I praksis blei lenet delt inn i mindre «futedømme». Leiaren for eit futedømme blei kalla «fut». Futen stod for forvaltninga av krona sine eigedommar og innkrevjinga av skattar og avgifter. Futen hadde òg oppgåver innanfor rettsstellet. Han var påtalemakt og også den som gjennomførte straffa. Futane høyrde til administrasjonen på landet. For folk flest i Noreg var det futen dei møtte, og han blei dermed for dei fleste den nærmaste representanten for staten.

I byane var det borgarane som stod for styringa. Byane hadde sidan mellomalderen hatt eit visst sjølvstyre. Dei blei styrte av eit byråd, der byborgarane var medlemmer. Byrådet blei leidd av ein borgarmeister. Ein «byfut» hadde mykje av dei same oppgåvene som futen på landet.

Futen

Futen har i norsk folketradisjon eit dårleg rykte. Det går mange historier om futar som var brutale skatteinnkrevjarar, og som handheva dei kongelege lovene strengt. Men futane var ikkje alltid slik. Det finst likevel nok av klagebrev frå folket til kongen over futar og andre embetsmenn som misbrukte stillingane sine til eiga vinning.

Endring av statsadministrasjonen over tid

Gjennom 1500- og 1600-talet blei arbeidet med statsstyringa meir omfattande. Det gjaldt særleg innkrevjinga av skattar og avgifter. Dels blei det innført fleire nye ekstraskattar som måtte samlast inn, og som det måtte haldast oversikt over. Samtidig blei det endå meir å gjere, for etter reformasjonen måtte kongen sine folk òg samle inn den årlege leiga (landskylda) frå gods som tidlegare hadde lege under kyrkja, men som no var overtekne av kongen.

Frå 1620- og 30-åra blanda kongen seg meir inn i drifta av lena. Blant tiltaka han gjennomførte, var å ta frå lensherrane retten til å oppnemne futar. I staden blei futane direkte utnemnde av kongen. Slik blei futane omgjorde til kongelege embetsmenn, med lojalitet direkte til han og ikkje til den lokale lensherren. Dette var viktig, for det var futane som stod for innkrevjinga av skattar og landskyld, altså det som utgjorde inntektene til krona.

Rettsstellet

Dei rettsinstansane vi har i dag, har dels rot i utviklinga på 1500- og særleg 1600-talet. Den øvste instansen var «herredagane», som bestod av utsendingar frå det danske riksrådet. Under herredagane var det to overlagting, eit i Bergen, med ansvar for Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg, og eit i Oslo, med ansvar for Austlandet. Agder var delt mellom dei to. Til herredagane møtte lagmennene frå dei respektive landsdelane.

Under herredagane igjen låg lagmannsretten, eller lagtinga, som det var 12 av, kvart av dei var leidd av ein lagmann. Dei fleste lagtinga heldt til i byane. Folk kunne ta opp alle slags saker på lagtinget.

Bygdeting blei haldne rundt om i bygdene. Dei var leidde av folk som lagmennene hadde autorisert. På bygdetinga blei ofte saker knytte til arverett og eigedomsoverdraging tekne opp. Stillinga som sorenskrivar blei oppretta for å hjelpe bygdetinget med å skrive dommar. Etter kvart blei sorenskrivaren den eigentleg dommaren. I tillegg til futen blei dermed sorenskrivaren etter kvart den andre av staten sine representantar på lokalt nivå.

Tidleg på 1500-talet var det inga appellordning mellom dei ulike rettsinstansane. Men mellom 1550 og byrjinga av 1600-talet blei det derimot meir orden på rettssystemet. Bygdetinget og byrådet blei første rettsinstans. Ein kunne appellere saker vidare til lagmannen. I praksis førte det til at befolkninga fekk betre rettstryggleik.

Kyrkja

Reformasjonen blei innført i Danmark-Noreg i 1536. Då blei kyrkja gjord til ein del av staten. Kongen overtok alle eigedommane til kyrkja, både jordeigedom, bygningar, lausøyre og pengar. Kyrkjene skulle likevel framleis drivast, så dette innebar i praksis ikkje så stor forteneste for kongen.

Kongen auka likevel inntektene sine fordi han òg tok over innsamlinga av tienda, det vil seie den tidelen av bøndene sine avlingar som før hadde gått til kyrkja. Tienda blei no delt likt mellom kongen, den lokale presten og den lokale kyrkjebygningen. I praksis gav dette kongen 3–4 prosent av all produksjon i landbruket, og i næringar som fiske og trelasthandel. Inntektene gjekk til statskassa, som kongen disponerte. For folk flest innebar det i første omgang ingen store endringar.

Reformasjonen

Med reformasjonen gjekk Danmark-Noreg over frå katolisismen til protestantismen. I Noreg skjedde overgangen gradvis. I første omgang var det berre dei øvste leiarane i kyrkja som blei bytte ut. Nedover i systemet blei prestane jamt over bytte ut ved naturleg avgang. Det vil seie at når den gamle presten døydde, blei det sett inn ein ny, lutheransk prest.

Relatert innhald

Mange stader heldt adelsveldet fram med å vere ei vanleg styreform gjennom 1500- og 1600-talet, men med svært ulike lokale tilpassingar.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 16.10.2017

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt