Hopp til innhald

Fagstoff

Pavestaten – ein arv frå Romarriket

Pavekyrkja i Roma var viktig tidleg i mellomalderen i Vest-Europa. Kristendommen var innført som statsreligion i Romarriket alt på 300-talet. Den makta og posisjonen den romerske paven hadde, kom av arven frå Peter, Jesu læresvein, som leid martyrdøden i Roma.
Ein mann på hest med krone blir teken i mot av ein mann i lang dekorert kappe og pavehatt. Bak ham står tre gutar i kvite kjortlar med lysestakar. Måleri i middelaldersk stil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Bibelen heiter det at Jesus ville byggje kyrkja si på apostelen Peter. Biskopane i Roma såg derfor på seg sjølve som etterfølgjarar etter Peter og dermed som det naturlege overhovudet for kyrkja.

Rex iustus – konge av Guds nåde

Tankar om forholdet mellom kongemakt, kyrkje og Gud hadde mykje å seie for dei nye kongedømma i Vest-Europa. Særleg kom idear frå biskop Augustin av Hippo (354–430) til å spele ei viktig rolle. Augustin var frå det som i dag er Algerie. Her var både den greske og den romerske arven levande.

Ein mann i rikt dekorert kappe blir satt på ei biskopslue av to menn, også i dekorerte kapper. Fleire menn i prestekapper står rundt. Oljemåleri dekorert med bladgull.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Augustin meinte at kampen mellom det gode og det vonde blir utkjempa i dagleglivet. Det var viktig at den verdslege leiarskapen sikra at Guds lov blei halden på jorda, og at menneske skulle haldast i taumane. Folket trong ein «rex iustus», ein rettferdig konge som la til rette for eit godt samfunn. Ein slik konge ville dessutan fungere som eit bindeledd mellom kyrkja og folket, ein konge av Guds nåde. Dette var tankar som kom kongemakta til gode. Å bli sedd på som bindeledd mellom Gud og folket var ein fordel, for slik kunne kongen sikre seg sterkare støtte hos undersåttane sine.

Kyrkjemakt og kongemakt i allianse

Dei nye tankane om «rex iustus» fall saman med politisk uro i Vest-Europa. No såg både kyrkja og kongane at dei hadde gjensidig nytte av kvarandre. Då arabiske troppar prøvde å leggje under seg området til frankarane, fekk kongemakta støtte frå paven. Kongen sitt militære forsvar var avgjerande for å sikre eigedommane til kyrkja.

Alliansen mellom kyrkja og den nye politiske leiarskapen var bakgrunnen for at Karl den store blei krona til keisar i Roma i 800 e.Kr., slik som tidlegare romerske keisarar. Likevel blei ikkje riket til Karl den store verande eit stabilt og nytt romersk rike. Konfliktar mellom arvtakarane etter Karl førte til at riket blei delt: Dei vestlege områda var delar av det Frankrike vi kjenner i dag, medan dei austlege områda etter kvart blei opphavet til det vi i dag kjenner som Tyskland.

Så langt skulle det vise seg vanskeleg å samle Vest-Europa i ei ny og sterk sentralmakt. Sterke føydalherrar og konfliktar om arverett gjorde det problematisk. Kyrkja sikra seg alliansepartnarar hos dei verdslege leiarane som tente deira sak best. Slik var kyrkja med på å hindre ei ny stabil sentralmakt i Europa.

Relatert innhald

Høgmellomalderen i Europa var ein periode med sterk vekst og byutvikling, men også ein periode med auka kyrkjeleg samfunnsmakt.

CC BY-SASkrive av Nanna Paaske. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Europeisk mellomalder