Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: europeisk mellomalder

Mellomalderen var ein 1 000 år lang periode i europeisk historie prega av katolsk kristendom, mektige adelsmenn, ufrie bønder og ein stor katastrofe: svartedauden. Men var perioden så dyster og mørk som ryktet sitt?
Biletet viser ei stor steinborg, Carcassonne i Frankrike. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er vanleg å rekne europeisk mellomalder frå cirka 500 til 1500. I denne perioden er det katolsk kristendom som pregar store delar av Vest-Europa. Europeisk mellomalder blir ofte delt i tre: Tidleg mellomalder (500–1000) var prega av folkevandring og ustabilitet. Høgmellomalderen (1000–1300) var prega av befolkningsvekst, byvekst, auka handel og maktkamp mellom kongemakt og kyrkjemakt. Seinmellomalderen (1300–1500) var prega av ein kraftig befolkningsnedgang etter svartedauden.

Begynninga: kristninga og Romarriket sitt fall

Kristendommen blei i løpet av 300-talet e.Kr. statsreligionen i Romarriket. Dette kom til å endre europeisk kultur totalt med nye religiøse idear, ny kunst, nye verdiar og ei sentralisert kyrkjemakt med lite openheit for religiøst mangfald. Rundt år 500 har kristendommen i stor grad fortrengt dei førkristne religionane, slik at det var lite igjen av den gresk-romerske kulturen som prega antikken.

Romarriket blei i periodar heilt eller delvis splitta i ein austleg og ein vestleg del, og frå 395 blei splittinga permanent. Gjennom dei neste 200 åra gjekk den vestlege delen av riket gradvis i oppløysing. Europa gjekk inn i ei folkevandringstid med mykje uro, og riket blei angripe frå mange hald. I 410 blei Roma erobra av vestgotarar. Indre forhold som sosial uro, klimaendringar, dårlege avlingar, svolt og pest har nok òg hatt ei betydning for at riket fall. I aust bestod riket i fleire hundre år under namnet Bysants.

Rundt 500 e.Kr. finn vi lite igjen av dei kjenneteikna som prega antikken. Romarriket hadde gått i oppløysing, og kristendommen dominerte europeisk kultur. Derfor er det naturleg å setje eit skilje i europeisk historie rundt denne tida og seie at antikken tek slutt og mellomalderen begynner.

Den katolske kyrkja

Den katolske kyrkja med paven i Roma på toppen var den institusjonen som i størst grad prega Europa i mellomalderen. Samtidig som kyrkja representerte noko nytt, kan ho òg sjåast som ein arv frå Romarriket. Kyrkja oppstod allereie på 300-talet, og paven fungerte som ein samlande faktor i Vest-Europa i heile mellomalderen, slik den romerske keisaren hadde gjort i antikken. Ein viktig forskjell var at i mellomalderen var ikkje Europa eit stort imperium, men eit mylder av større og mindre kongedømme. Maktkamp mellom desse kongane og kyrkja blei eit tilbakevendande tema.

Ein berrføtt mann i enkle klede kneler føre ein mann på ei trone. Rundt står pent kledde menn og kvinner og ser på. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føydalsamfunnet

Frå 700-talet utvikla det seg ei samfunnsordning i Frankrike som etter kvart spreidde seg til mesteparten av Europa, som seinare blei kalla føydalsamfunnet. I ei uroleg folkevandringstid med ustabile og dårleg organiserte kongerike var det fornuftig for fattige bønder å søkje vern hos lokale stormenn som hadde råd til hestar og våpen. Til gjengjeld gav bøndene frå seg eigedomsretten til jorda, og dei måtte utføre pliktarbeid hos den nye jordeigaren og betale skatt til han (stort sett i form av jordbruksprodukt). Denne jordeigande delen av befolkninga blei til ei eiga samfunnsgruppe, adelen, som blei ein mektig krigarklasse som dominerte Europa både politisk, økonomisk og militært. Denne samfunnsordninga var spesielt dominerande i høgmellomalderen (1000–1300).

Svartedauden

Den store "manndauden", eller svartedauden, herja i Europa frå 1340-åra og utover. Då startar det vi reknar som seinmellomalderen. Rundt 60 prosent av befolkninga døydde i byllepestepidemien. Det gjorde at lokalsamfunn og maktforhold endra seg. I denne perioden styrkte kongemakta posisjonen sin, med støtte frå ein veksande borgarskap. Omgrepet borgarskap blir brukt om den velståande overklassen som hadde eigedommar, og som ikkje tilhøyrde adelen.

Slutten på mellomalderen

Frå 1500-talet miste Den katolske kyrkja monopolet sitt på religion i Vest-Europa gjennom reformasjonen. Då Columbus kom til Amerika i 1492, markerte det starten på ein langvarig periode med europeisk ekspansjon i form av handel og kolonisering i store delar av verda. I tillegg hadde føydalsamfunnet i stor grad mist betydninga si, og nye samfunnsstrukturar vaks fram der gjerne kongane fekk meir makt og adelen fekk mindre.

I løpet av 1400-talet spreidde det seg ei ny kulturell bølgje over Europa, som rundt år 1500 prega mykje av den kunstnariske og akademiske eliten i Europa. Dette var renessansen. "Renessanse" betyr atterfødsel, og det er kulturen og ideala til antikken som blei fødde på nytt. Dette innebar at ein begynte å stole meir på fornufta til mennesket og dei evnene mennesket hadde til å forstå verda. Ein sette mennesket i sentrum og la grunnlaget for den moderne humanismen. Det var òg på denne tida at den historiske epoken fekk namnet mellomalderen – perioden mellom antikken og renessansen. Mellomalderen blei for mange ein mørk periode mellom den lyse antikken og renessansen.

Ein mørk tidsalder?

Det er framleis vanleg å tenkje på mellomalderen som ein mørk, dyster og barbarisk tidsalder då makta som kyrkja hadde over menneska, hadde hindra dei i å utvikle nye idear innanfor kultur, vitskap og politikk. Men var eigentleg mellomalderen så mørk? Mellomalderen er perioden for dei første universiteta, og kultur og teknologi utvikla seg gjennom heile perioden. Byane vaks, handelen vaks, og kjennskapen til verda utanfor Europa blei større. Vi kan kanskje heller sjå på perioden som ei lang førebuing til renessansen.


Undersøk!

Biletet øvst i artikkelen er frå Carcassonne i Sør-Frankrike. På 1100-talet var det i denne byen mange katarar.

Undersøk kven katarane var og kva som skjedde i Carcassonne og nabobyen Béziers i 1209.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen og Nanna Paaske. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 22.02.2021

Læringsressursar

Europeisk mellomalder