Hopp til innhald
Fagartikkel

Reker

Reker finst både i fjordane, på bankane og i nordområda. Den raude djupvassreka er den vanlegaste. Ho livnærer seg av mindre krepsdyr og makk.
Tillaging av reker. Video: Terje Røssland / CC BY-NC-SA 4.0

Djupvassreka likar seg best i kaldt vatn og kan enkelte år vere heilt forsvunnen frå rekefelta i sør, noko som oftast heng saman med at temperaturen er vorten for høg.

Reka byrjar livet sitt som hann, og når ho er to–fire år, skiftar ho kjønn til hoe. Dei parar seg om hausten, og horeka ber rogna under bakkroppen gjennom vinteren. På våren oppsøkjer rekene grunnare vatn der larvane blir klekte. Ein reknar med at ei reke kan bli seks år gammal.

Fangst og fangstreiskapar

Reketråling skjer i Skagerrak, langs kysten og i fjordane med mindre fartøy, medan fisket i Barentshavet og ved Svalbard og Grønland for det meste blir drive av store trålarar. Rekene blir behandla i forskjellig grad og blir leverte både ferske og frosne til landindustrien og til direkte eksport. I Skagerrak og til dels i Nordsjøen blir det tråla etter reker med mindre reketrålarar.

Ein er uroleg for overfangst av reker, og det blir innført strengare regulering av rekefisket.

Bruk

Reker blir selde kokte med skal (ferske eller frosne), reinska frosne, lettkonserverte i lake eller marinerte. Reker blir nytta eller i ulike kalde og varme retter. Ver forsiktig med å varme opp kokte reker – det må i tilfelle skje raskt.

Næringsinnhald

Reker er ei god kjelde til vitamin B12 og inneheld òg ein god del av dei feittløyselege vitamina A, E og D. Reker inneheld svært lite feitt.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong:

heile året

Utbreiing:

i heile det nordlege Atlanterhavet

Storleik:

10–12 cm

Med andre ord:

latin: Pandalus borealis

engelsk: deepwater prawn

fransk: crevette nordique

tysk: Tiefseegarnele