Hopp til innhald

Fagstoff

Sjøkreps

Sjøkreps er ein nær slektning av vanleg hummar, men han er vesentleg mindre og slankare med lange, smale klør.
Ein sjøkreps på havbotnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjøkrepsen blir om lag 24–25 cm lang. Han har eit stort ryggskjold, og ein ledda bakkropp med halevifte. Sjøkrepsen er mykje mindre enn hummaren og har lange, men mykje slankare klør. Fargen er lyseraud eller oransje, og han endrar seg ikkje når sjøkrepsen blir kokt, slik som hos hummaren. Hoa gyter fleire hundre egg om sommaren og ber dei under bakkroppen heilt til neste vår.

Fangst

Sjøkrepsen er utbreidd i Atlanterhavet frå Marokko til Island og langs norskekysten til Nord-Noreg. Han finst òg i Middelhavet. Bestanden i Skagerrak og delar av Nordsjøen blir fiska frå Noreg, Danmark og Sverige. Sjøkreps lever på blautbotn eller sandblanda mudder eller leire, der dei grev holer eller gangar. Hoene går sjeldan ut av holene sine når dei ber egg. Sjøkreps blir fiska med teiner eller med ein spesiell sjøkrepstrål som blir slept over botnen. I Noreg tek vi òg ein god del sjøkreps som bifangst i reketrål. Det er mest hannar i fangsten, fordi hoene går mindre ut av holene. Kreps blir fiska heile året.

Bruk

 Matrett med sjøkreps og asparges. Foto.

Sjøkrepsen har vorte ei eksklusiv vare, og han har etter kvart fått fleire tillagingsmetodar enn den mest vanlege hos oss, som er kokt, servert med majones eller aioli og ferskt brød. Det har òg vorte meir ettertrakta å servere han som gratinert, urtemarinert til grill, i steikeomnen, i salatar, og som garnityr i supper og gryter. Vi må vere forsiktige under tillaginga, slik at vi tek vare på den gode, faste konsistensen. Sjøkrepsen kan fort bli seig og misse smak ved for «hard» tillaging. Han har eit fint kjøt, og han er litt mildare på smak enn hummar og ferskvasskreps.

Næringsinnhald

Sjøkreps er ei god kjelde til protein, kalsium og fosfor.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysingar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong:

heile året

Utbreiing:

i Atlanterhavet frå Marokko til Island og langs norskekysten til Nord-Noreg

Storleik:

opptil 25 cm

Med andre ord:

latin: Nephrops norvegicus

engelsk: langoustine, Norway lobster

fransk: langoustine commune

tysk: Kaisergranat

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr