Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kontrollspørsmål om krepsdyr

Etter å ha jobba med temaet krepsdyr kan du teste deg sjølv ved å svare på nokre spørsmål.
Ulike typar skaldyr på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reker

  1. Korleis sikrar vi hygienisk lagring og behandling av reker?
  2. Korleis ser vi forskjell på om reker er kokte og ferske, eller om dei er kokte og har vore frosne?
  3. Forklar korleis reker blir sorterte.
  4. Når på året får ein dei beste rekene?
  5. Forklar korleis reker skal reinskast.
  6. Kva delar av reka kan brukast?

Scampi

  1. Korleis sikrar vi hygienisk lagring og behandling av scampi?
  2. Er scampi som art i nær slekt med reker?
  3. Korleis og kvar blir scampi produsert?
  4. Kva slags behandling har scampien gjennomgått før han blir seld i butikkar?
  5. Forklar korleis scampi skal reinskast.
  6. Kva delar av scampien kan brukast?

Krabbe

  1. Korleis sikrar vi hygienisk lagring og behandling av krabbe?
  2. Korleis ser vi forskjell på ein hannkrabbe og ein hokrabbe?
  3. Forklar korleis ein vurderer kvaliteten på krabben.
  4. Forklar korleis krabben skal kokast.
  5. Forklar korleis krabben blir reinsa.
  6. Kva delar av krabben kan brukast?

Kongekrabbe

  1. Korleis sikrar vi hygienisk lagring og behandling av kongekrabbe?
  2. Korleis skil kongekrabben seg frå vanleg krabbe?
  3. Kvar finst kongekrabben?
  4. Kva blir brukt på kongekrabben, og korleis blir dette produktet laga ferdig?

Hummar

  1. Korleis sikrar vi hygienisk lagring og behandling av hummar?
  2. Korleis ser vi forskjell på ein hann og ei hoe?
  3. Forklar korleis hummaren skal kokast.
  4. Korleis blir hummaren behandla etter koking?
  5. Korleis kan vi på ein annan måte klargjere hummar for vidare tillaging?

Sjøkreps

  1. Korleis sikrar vi hygienisk lagring og behandling av sjøkreps?
  2. Korleis ser vi forskjell på ein hann og ei hoe?
  3. Korleis blir sjøkreps kokt, kva blir han kokt i, og kor lenge?
  4. Korleis kan vi på ein annan måte klargjere sjøkreps for vidare tillaging?
CC BY-SASkrive av Terje Røssland.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr