Hopp til innhald
Fagartikkel

Blåskjel

Blåskjel er eit blautdyr som lever på 0–10 meters djupn. Dei finst langs heile kysten, ofte i store mengder som belte i fjøra eller eit stykke inn i fjordane.
Blåskjel. Video: Terje Røssland / CC BY-NC-SA 4.0

Blåskjela gyter vanlegvis mellom april og juni, avhengig av landsdel, når temperaturen i vatnet er mellom 8 og 10 °C. Dei befrukta egga utviklar seg til larvar som sym fritt i om lag ein månad til dei festar seg til overflatene på stein, fjell, båtar og fortøyingar.

Blåskjel festar seg til underlaget ved hjelp av trådar, byssustrådar, som dei skil ut frå foten. Dei kan seinare flytta seg ved å strekkja nye trådar. Dei lever av planteplankton.

Miljø

Blåskjel lever av planteplankton som dei får tak i ved å filtrera sjøvatn. Denne beiteaktiviteten er med på å reinsa vatnet, og blåskjeloppdrett kan derfor vera nyttig i område med stor algeoppblomstring. I periodar kan algar med giftstoff blomstra opp, og då blir skjela også giftige. Det er derfor viktig å følgja med på giftvarsel før vi plukkar blåskjel.

Oppdrett

Blåskjel blir dyrka på såkalla bøyestrekk. Det er vassrette system av tauverk som blir halde oppe av bøyer. Frå desse linene heng tau eller band som blåskjela kan festa seg til. Larvar som driv med vassmassane, festar seg til banda og veks på eitt til to år til blåskjel som kan seljast. Uttynning av skjela og hausting, sortering og fjerning av byssustrådar vert gjort maskinelt på haustebåtane eller på mottaka.

Fangst

Fritidshausting er vanleg, og mange plukkar gjerne skjel for hand for å ta med heim eller koka på bål på stranda. Noko hausting vert også gjort med grabb frå båt på gode blåskjelsbankar. Blåskjel som veks på sandgrunn, kan ha små perler i kjøtet. Dette er sandkorn som blåskjelet har kapsla inn. Perlene i blåskjel er derimot ikkje verdfulle, og dessutan kan dei vere ubehagelege når vi skal ete skjela.

Bruk

Blåskjel vert vanlegvis dampa og kan etast naturell eller med varierte delikatesser til. Alt innhaldet er etande. Dei kokte skjela kan gratinerast, lagast til som eigne retter eller som tillegg til andre retter. Vi kan også servera blåskjel rå på same måten som østers.

Hugs å sjekka giftvarselet til matportalen.no om det er trygt å eta blåskjel dersom du plukkar skjela sjølv.

Næringsinnhald

Blåskjel er ei god kjelde til jern, selen og vitamin B12, og inneheld lite, men sunt feitt.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Heile året, men oftast best haust og vinter til tidleg vår.

Hugs alltid giftvarselet til matportalen.no om du plukkar sjølv.

Utbreiing

Blåskjel finst langs heile norskekysten.

Storleik

Opptil 10 cm

Med andre ord

Latin: Mytilus edulis

Engelsk: Blue mussel

Fransk: Moule commune

Tysk: Miesmuschel, Pfahlmuschel