Oppgåve
Kontrollspørsmål om skjel
Etter å ha jobba med temaet om skjel kan du teste deg sjølv ved å svare på desse spørsmåla.
- Korleis sikrar vi hygenisk oppbevaring og behandling av blåskjel?
- Korleis blir blåskjel klargjorde før koking?
- Korleis blir blåskjel kokte?
- Korleis reinsar vi blåskjel etter koking?
- Korleis blir kvaliteten på blåskjel vurdert?
- Nemn nokre måtar å servere blåskjel på.
- Korleis sikrar vi hygenisk oppbevaring og behandling av kamskjel?
- Forklar korleis du går fram når du skal opne og behandle eit kamskjel.
- Nemn nokre måtar å servere kamskjel på.
- Korleis sikrar vi hygenisk oppbevaring og behandling av østers?
- Beskriv korleis østers blir klargjorde for servering.
- Nemn nokre måtar å servere østers på.