I denne oppgåva skal de jobbe i par som får kvart sitt skaldyr eller skjel å jobbe med. Presenter for kvarandre, og lag ein skaldyrbuffé som alle kan smake på til slutt.
Teorioppgåve
Jobb saman to og to. Kvart par får eit av følgande skaldyr eller skjel som de skal fordjupe dykk i og presentere for resten av klassen:
taskekrabbe
reker
hummar
sjøkreps
kamskjel
blåskjel
østers
Aktuelle tema de kan skrive om, er
sesong og fangst, eventuelt oppdrett
næringsinnhald
kvalitetskriterium
korleis han skal oppbevarast
bruksområde/kjende rettar eller serveringsmåtar
mengdeberekning
Finn òg oppskrift på ein klassisk rett de har lyst til å lage på kjøkkenet.
Praktisk oppgåve
Skriv ei bestillingsliste på retten de skal lage, og ein arbeidsplan.
Dekk eit fint bord som kan passe til høvet.
Produser skaldyrretten dykkar på kjøkkenet, og server på ein stor buffé saman med rettane til dei andre elevane.
Smak på rettane til kvarandre. Kva vart din favoritt?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2022