Arbeidsdeling, kjønn og makt
Arbeidsdeling er oppdeling av produksjon i spesialiserte oppgåver. Det handlar om at menneske gjer ulike arbeidsoppgåver, og det kan både henge saman med kjønn og kven som har makt i samfunnet.
Denne oppgåva er eit gruppearbeid og skal løysast munnleg i grupper på tre–fire elevar. Vel ein ordstyrar i gruppa slik at alle får taletid.
Det er ikkje klare fasitsvar på oppgåvene; det viktigaste er at de prøver å løyse oppgåvene gjennom fagleg drøfting og ser på korleis ulike samfunnsfenomen og prosessar heng saman.
Les fagartikkelen Arbeidsdeling og kjønn: eit antropologisk perspektiv (ndla.no).
Korleis kan skildringar av kjønn og arbeidsdeling i andre kulturar gjere at vi får ei betre forståing av kjønn og arbeidsdeling i vår eigen kultur?
Innleiingsvis i artikkelen blir det påpeikt at "dei aller fleste samfunna har og har hatt arbeidsoppgåver baserte på kjønn". Diskuter: Er det framleis slik i det norske samfunn i dag, og kva er årsakene til det?
Hos mundurucuane sit menn på det øvste trappetrinnet i maktstrukturen og arbeidsdelinga. Drøft i gruppa om dette er representativt òg for det norske samfunnet i dag.
Studer artikkelen Former for makt (ndla.no). Kan de gi døme på korleis makt på mikro-, meso- og makronivå kan påverke arbeidsdeling og kjønn i eit samfunn?
Relatert innhald
I mange samfunn har menn og kvinner forskjellige arbeidsoppgåver, og arbeidet dei utfører, blir verdsett på ulik måte.
Kva former for makt finst det på mikro-, meso- og makronivået i samfunnet, og korleis kan denne makta påverke einskildindivid og sosiale strukturar?