Hopp til innhald
Fagartikkel

Arbeidsdeling

Arbeidsdeling har funne stad i dei fleste samfunn på ulike måtar, men etter utviklinga av industrisamfunnet har arbeidsdeling betydd at arbeidsoppgåvene i produksjonsprosessen har blitt spesialiserte.

Arbeidsdeling før og no

Tippoldefaren din hadde kanskje husdyr og sørgde for mjølk og kjøt til familien gjennom å hauste fôret til dyra, slakte og konservere sjølv. Alle ledda i denne produksjonen stod han for sjølv, og han hadde kunnskap og ferdigheiter til å gjere det. Kanskje hadde han slåmaskin som hesten trekte når dei slo graset, men dersom maskina trong reparasjon, gjorde han det òg – og skodde hesten sjølv. Kanskje førte han sin eigen rekneskap over gardsdrifta og selde noko vidare.

I det moderne samfunnet i dag har denne produksjonsprosessen ei heilt anna organisering. Bonden leverer mjølk og kjøt til meieri og slakteri, der produkta blir foredla og behandla før dei går ut til forbrukarane via grossistar til daglegvarebutikkane. Treng traktoren reparasjon, blir det gjort av ein verkstad, og rekneskapen har kanskje bonden eit rekneskapsfirma til. Arbeidsoppgåvene knytte til produksjonen av varene blir utførte av folk og bedrifter som har spesialisert kunnskap og ferdigheiter innanfor området sitt.

Sjølv i dei største tradisjonelle samfunna var det tidlegare rundt 20–30 ulike handverkarar, og dette innebar ei form for arbeidsdeling, men i det moderne industrielle samfunnet i dag er det no tusenvis av yrkesgrupper. Berre i Noreg kan du no velje mellom nesten sju tusen utdanningsløp fram mot eit yrke.

Ulike former for arbeidsdeling

Arbeidsdeling kan bli sett på på fleire ulike måtar: På den eine sida kan det vere korleis bedrifter organiserer produksjonen internt i bedrifta, og på den andre sida kan det vere korleis bedrifter inngår i produksjonsprosessar nasjonalt og globalt.

Telefonen din er mest sannsynleg sett saman av delar som er produserte av bedrifter spreidde over heile verda. Dette er eit døme på internasjonal arbeidsdeling, og igjen handlar det om spesialisering av arbeidsoppgåver.

Arbeidsdeling har eksistert i alle samfunn i ei eller anna form. Ei enkel form for arbeidsdeling er til dømes at menn og kvinner har hatt ulike arbeidsoppgåver. I takt med industrialiseringa har arbeidsdelinga endra form, og i tillegg handlar det no i stor grad om internasjonal arbeidsdeling, som er spesialisering av produksjon mellom ulike land, og som er knytt til handel mellom land.

Arbeidsdeling i form av ulike yrke og spesialisering er eit vesentleg kjenneteikn ved moderne samfunn, og ho medfører ein gjensidig økonomisk avhengnad sidan dei fleste av oss er avhengige av å kjøpe varer og tenester frå andre og samtidig av å arbeide for å kunne gjere det.

Arbeidsdeling og samfunnsvitskaplege spørsmål

Arbeidsdeling kan få både positive og negative konsekvensar. På den eine sida kan arbeidsdeling føre til at produksjonsprosessane kan bli meir effektive, og til at ressursar kan utnyttast betre. Arbeidstakarar kan bruke den faglege ekspertisen sin, noko som kan føre til auka produktivitet. I ei verd der teknologi og maskiner gjer mange av arbeidsoppgåvene, og der majoriteten av produksjonen er masseproduksjon til ulike marknader, er arbeidsdeling òg ei følgje av denne utviklinga.

På den andre sida kan arbeidsdeling føre til auka forureining som følgje av auka transport, og det kan føre til utarming av naturressursar. Vidare kan arbeidsdeling føre til sosial forskjell og skeiv fordeling av gode, sidan lønn og arbeidsmiljø kan vere svært varierande. Ei kjend kleskjede fekk til dømes kraftig kritikk for at tekstilarbeidarane ikkje fekk lønn dei kunne leve av, og for at dei arbeidde under miljøfarlige forhold mens kjeda gjekk med milliardoverskot. Ei anna side ved dette er at nordmenn kastar 23 kg klede i året, og kvart femte klesplagg blir sjeldan eller aldri brukt. Arbeidsdeling og produksjon kan altså føre til høgare forbruk når varer kan produserast og seljast billig.

Arbeidsdeling er ein del av alle samfunn, og det legg føringar for korleis folk lever liva sine. Arbeidsdeling fører til både fordelar og ulemper – ikkje berre for verdssamfunnet, men òg for den enkelte arbeidstakaren.

Kjelder

Relatert innhald

Fagstoff
Internasjonal arbeidsdeling

Internasjonal arbeidsdeling er den spesialiseringa av produksjon som går føre seg i ulike land og i samband med handel mellom landa.





CC BY-SA 4.0Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2021