Sosiologi og sosialantropologi
Sosiale strukturar, aktørar og handling
Dette emnet handlar om ulike sosiale prosessar i samband med sosial forskjell, fordeling av gode, arbeid og produksjon og makt. Her vil du òg finne ressursar knytt til berekraftig samfunnsutvikling.
Arbeidsdeling og produksjon
Korleis vi produserer varer, og korleis vi fordeler arbeidsoppgåver internt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt, har endra seg over tid. Med ny teknologi og samfunnsendringar er dette òg noko som vil vere i stadig endring.