Internasjonal arbeidsdeling - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Internasjonal arbeidsdeling

Arbeidsdeling handlar om oppdeling av produksjon i spesialiserte område. Med internasjonal arbeidsdeling meiner vi den spesialiseringa av produksjon som går føre seg i ulike land og i samband med handel mellom landa.

Kva eit land har spesialisert seg på å produsere, kjem mellom anna an på tilgjengelege ressursar, moglegheiter og kompetanse. Internasjonal arbeidsdeling er nært knytt til internasjonal handel. Kva eit land har spesialisert seg på å produsere, har dermed stor betydning for landet sin økonomi.

Produksjon og spesialisering

Når vi snakkar om internasjonal arbeidsdeling, meiner vi at ulike land har spesialisert seg på å produsere enkelte produkt eller tenester. Produksjon er ein grunnleggjande prosess i eit samfunn. Gjennom produksjon blir naudsynte varer og tenester skapte, som igjen dekkjer behov som mat, klede og husly.

Kva for varer som blir produserte i eit område, er avhengig av fleire faktorar. Først og fremst må råvara vere tilgjengelig. Her speler geografi og klima gjerne ei viktig rolle, saman med økonomi.

Det er mest økonomisk forsvarleg å produsere ei råvare som finst naturleg i eit land. I Noreg har vi til dømes ei lang kystlinje med god tilgang på fisk. Det er dermed naturleg at ein satsar på denne råvara her.

I Noreg har vi lange tradisjonar med å drive med fangst av sjømat, og vi har opparbeidd oss god kunnskap om denne typen produksjon. Over tid har vi òg etablert store fiskemottak som kan ta imot og tilarbeide eller vidaresende store mengder fisk. Kombinasjonen av god tilgang til råvara, kunnskap og naudsynt teknologi gjer at vi kan fange og produsere meir fisk enn vi bruker sjølve. Mykje av fisken blir derfor seld, eller eksportert, til andre land.

I 2020 eksporterte Noreg heile 95 prosent av all fisk som vart fanga og produsert her. Det svarer til 2,7 millioner tonn sjømat. I verdi gjer det Noreg til den nest største sjømateksportøen i verda, etter Kina. Produkt som nordmenn vil ha, men som vi derimot ikkje kan produsere sjølve i Noreg, som til dømes ris og kaffi, er vi til gjengjeld nøydde til å kjøpe, eller importere, frå land som har gode vekstvilkår for denne typen råvare. Å produsere risen eller kaffien her i Noreg ville vere både kostbart og vanskeleg, ettersom klimaet tilseier at ingen av desse veks naturleg hos oss.

Når eit land handlar med andre land som har betre føresetnader for produksjon enn landet sjølv, får landa tilgang til varer dei ikkje har moglegheit til å produsere sjølve, eller som det ikkje er hensiktsmessig at dei produserer sjølve.

Teorien om den komparative fordelen

Frå eit økonomisk synspunkt kan slike handlemønster forklarast ut frå teorien om den komparative fordel. Teorien vart utvikla av Adam Smith og arbeidd vidare med av David Ricardo i 1817.

I lang tid var teorien om den komparative fordelen brukt til å forklare mekanismane bak internasjonal handel. Prinsippet går ut på å vise at to land kan ha fordel av produksjonsspesialisering og handel, sjølv om det eine landet er absolutt overlegent det andre i produksjonen av begge varene.

Handelen er optimalisert når landa fokuserer på å produsere dei varene dei kan produsere mest effektivt og med lågast mogleg kostnad i høve til andre land, slik at dei får eit overskot. Overskotet kan dermed brukast til handel med andre – noko som igjen gjer det mogleg med økonomisk vekst.

Kjelder

Norges sjømatråd (2021, 12. januar). Mer bevisste forbrukere er godt nytt for norsk sjømat. https://seafood.no/aktuelt/Fisketanker/mer-bevisste-forbrukere-er-godt-nytt-for-norsk-sjomat/

Munthe, P. (2015, 18. februar). Handelsteori. I Store norske leksikon. https://snl.no/handelsteori

Skrive av Linda Næss.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2021