Sosiologi og sosialantropologi
Det finst ulike former for makt og maktutøving i samfunnet. Korleis vil maktutøving påverke aktørar, strukturar og handlingar?
Du skal her få lære teoriar om lagdeling og klassar for å kunne diskutere sosial ulikskap.
Kva er konsekvensane av høg og låg sosial mobilitet i ulike samfunn og kulturar?
Korleis skal gode i samfunnet fordelast på ein rettferdig måte, og kva seier dei politiske ideologiane om dette?
Korleis organiserer vi arbeidslivet? Og har du tenkt over kva slags funksjon arbeid har i samfunnet?
Ulike teoriar om arbeidsdeling påverkar produksjonen av varer og tenester. Det same gjer ny teknologi og samfunnsendringar.
I sosiologi og sosialantropologi ser vi på berekraft og berekraftig utvikling i samanheng med sosiale forskjellar.