Hopp til innhald
Fagartikkel

Arbeidsdeling og kjønn: eit antropologisk perspektiv

Stort sett alle samfunn har lause eller faste rammer for kven som skal jobbe med kva. Internt i samfunnet har det ofte blitt bestemt kva som er kvinneoppgåver og kva som er mannsoppgåver. Har vi den samme inndelinga i vårt samfunn, trur du?

Arbeid basert på kjønn

Dei aller fleste samfunn har og har hatt arbeidsoppgåver basert på kjønn. Likevel er det nokon samfunnsformer der dette er tydelegare enn det er i andre. Her kan vi mellom anna nemne jegerar og sankarar. Dette er samfunn der hovudnæringa består av jakt og sanking av røter, insekt og så vidare.

Når mannlege antropologar har forska på desse gruppene, har informantane ofte vore menn. Derfor trudde vi lenge at jakta var den viktigaste kjelda til mat – spesielt sidan jegerane var opptatte av å framsnakke jakta. Dei ønskte sjølvsagt å framstille jakta som hovudnæringa. Seinare undersøkingar har vist at dette ikkje nødvendigvis er tilfelle. Det har tvert om vore kvinnene si sanking av røter og plantar som har vore det viktigaste bidraget til matfatet, og ikkje mennene sine jaktlag. Mennene ga jakta høgare prestisje enn kvinnene sitt arbeid, på tross av at jakta var ein mindre føreseieleg næringsveg. No gjeld ikkje dette alle samfunn som består av jegerar og sankarar, men det viser i alle fall at mennene sitt perspektiv ikkje treng å vere den fulle og heile sanninga.

Tenk over

Kvifor trur du mennene var opptatte av å framstille jakta som viktigare enn kvinnene si sanking?

Offentleg prestisje

Viss vi vender blikket mot vårt eige meir eller mindre moderne samfunn, ser vi at denne prestisjetanken har ein tendens til å gå igjen – i alle fall historisk sett, sjølv om pendelen sakte, men sikkert er på veg til å snu. Uansett, arbeid som stort sett kvinner har utført har rett og slett hatt lågare prestisje enn det arbeidet menn har gjort. Husarbeidet er eit tydeleg eksempel på dette. Menn jobba ute i det offentlege, ein jobbsfære som ga høgare respekt enn det arbeidet som føregjekk i den private sfæren. Altså, i heimen. Arbeidsoppgåver i den offentlige sfæren er, som namnet kanskje tilseier, meir synleg enn det som føregår innanfor husets fire veggar.

Når det er sagt, må det påpeikast at arbeidet i heimen var vel så viktig som arbeidet utanfor. Vi kan med tryggheit seie at kvinnene sitt arbeid bidrog til familien sitt ve og vel – prestisje eller ikkje!


Tenk over

Kvifor trur du at det arbeidet som føregjekk i det offentlege hadde høgare prestisje enn arbeidsoppgåvene som høyrde til den private sfæren?

I det neste avsnittet skal vi sjå nærmare på eit samfunn der arbeidsdelinga i aller høgaste grad er basert på kjønn.

Mundurucúane si arbeidsdeling

Amazonas er folkesett av fleire forskjellige grupper. Vi har tidlegare vore innom yanomamöane, men her skal vi ta for oss mundurucúane, som Thomas Hylland Eriksen nemner i Små steder - store spørsmål.

I likskap med yanomamöane driv mundurucúane også med hagebruk og dyrking av ulike grønsaker. Men hagebruk er ikkje det einaste bidraget til mundurucúane sitt livsgrunnlag. I tillegg til hagebruk, driv dei òg med jakt, og det er blant anna her kjønnsinndelinga kjem inn. For det er mennene som jaktar. Jaktlaga har ikkje plass til kvinner, men dette er ikkje alt. Når dei jagar fisk, er det mennene som skyt med harpun. Kvinnene bruker håv, i tillegg til at dei ror båten.

Som vi ser, er harpun og andre jaktverktøy viktige nøkkelord. Det er jegerar mennene ser seg sjølve som. Dei er ikkje fiskarar, hagebrukarar eller noko anna. Dei er jegerar. I religionen deira blir jegeren til og med hylla. Bonden blir derimot ikkje gitt like stor merksemd. Så langt derifrå. Likevel samsvarar ikkje jakta sin prestisje med kva ho eigentleg bidreg til matfatet. Hagebruket gir i realiteten meir mat enn jakta. På tross av dette nyt mennene sitt arbeid større respekt enn kvinnene sitt. Å drepe storvilt er noko heilt anna enn å dyrke nokre plantar. Arbeidsdelinga seier oss med andre ord noko om maktstrukturen i samfunnet. Mennene sit på det øvste trappetrinnet.

Som mange andre samfunn er mundurucúane også mannsdominert. Men, og her er det eit men: Viss kvinner også bidreg økonomisk, kvifor er samfunna då så mannsdominerte?

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SA 4.0Skrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019