Det nye arbeidslivet - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Det nye arbeidslivet

Arbeidslivet har endra seg i stor grad. Kva kan det føre til? I denne oppgåva skal du drøfte og reflektere over dette.

Filmen Sorry We Missed You er ei sosialrealistisk skildring av ein brutal arbeidsmarknad og det nye, moderne arbeidslivet med oppdragsbasert arbeid.

Oppgåve 1

  1. Sjå dei første ti minutta av filmen Sorry We Missed You. Ricky seier han vil heller jobbe for seg sjølv og vere sin eigen sjef, og han får jobb på -basis. Kva er inntrykket ditt av arbeidsforholda slik dei blir skildra dei første ti minutta av filmen?

  2. Sjå resten av filmen. Abby arbeider som helsepersonell. Kva likskapstrekk er det mellom jobben hennar og Ricky sin jobb?

  3. Korleis blir livet til familien endra gjennom filmen? Kva er konsekvensane av arbeidsforholda deira?

  4. Kva meiner du tittelen på filmen referer til?

Oppgåve 2

  1. Les avsnittet "Eg jobbar berre i Amazon" i artikkelen Det nye arbeidslivet. Kva likskapstrekk er det mellom filmen og det som blir beskrive i avsnittet?

  2. Kva forventingar har du til ein framtidig jobb når det gjeld tilsetjingsforhold, fritid og innverknad over arbeidsoppgåvene du skal gjere?

  3. Finn ut kva omgrepet gig-økonomi betyr. Finn døme frå filmen på dette.

Oppgåve 3

Bruk Store norske leksikon (snl.no) og Det norske akademis ordbok (naob.no). Søk opp omgrepa under, og finn ut kva dei betyr:

  • arbeidarklasse

  • proletariat

  • prekariat

Diskuter deretter i gruppe eller i par: Er omgrepa beskrivande for Ricky og Abbys arbeidsliv?

Oppgåve 4

Arbeid i grupper.

  1. Diskuter fordelar og ulemper med eit meir fleksibelt arbeidsliv.

  2. Reflekter først på eiga hand i fem–ti minutt om det kan vere klasseskilje i dagens norske arbeidsliv. Noter ned stikkord / svaret ditt, og diskuter deretter svara deira i gruppa.

Kilde

Ljunggren, J. (2020). Det "nye" arbeidslivet. Norsk sosiologisk tidsskrift 4(1), 51–57. https://doi.org/10.18261/issn.2535-2512-2020-01-05


Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021