Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vil robotar overta jobbane våre?

Kva skjer med samfunn og arbeidsliv når robotar kan erstatte menneskeleg arbeidskraft?

I dokumentaren "Will A Robot Steal My Job" ser ein britisk journalist på korleis robotar blir utvikla til å løyse oppgåver, og kva det kan bety for arbeidsmarknaden og jobbane våre i framtida. I denne oppgåva skal du samanfatte og diskutere spørsmål og påstandar dokumentaren tek for seg. Sjå dokumentaren og jobb deretter med oppgåvene.

Oppgåve 1 – repeter og samanfatt


Oppgåve 2 – diskuter i klassen eller i grupper

  1. Kva jobbar meiner de ikkje kan erstattast av robotar, og kvifor?

  2. Viss fleire eller mange yrke forsvinn eller blir erstatta av robotar, kva konsekvensar kan det få for både individ og samfunn?

  3. Er det mogleg å stoppe robotiseringa av samfunnet, og eventuelt korleis?

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021

Læringsressursar

Arbeidsdeling og produksjon