Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kunstig intelligens – gullgruve eller minefelt?

Teknologi i form av kunstig intelligens blir i dag brukt innanfor mange område i samfunnet, som til dømes i arbeidslivet, i kommunikasjon og i helsesektoren. Du skal her sjå på korleis kunstig intelligens kan påverke individ og samfunn.
Utsnitt frå filmen 𝘪𝘏𝘜𝘔𝘈𝘕. Ansiktsattkjennning på personar i ei samling menneske. Foto.

Kva konsekvensar kan kunstig intelligens innanfor ulike område i samfunnet få for oss som menneske – og for samfunnet vi er ein del av? I denne oppgåva skal du reflektere over og diskutere dette, og sjå dokumentaren iHUMAN, som tek for seg ei rekkje spørsmål om kunstig intelligens.

Oppgåve 1 – gruppearbeid om omgrep

Gruppearbeid i grupper på tre–fire: Diskuter kva de meiner omgrepa under betyr, og kva de assosierer med dei.

  • kunstig intelligens
  • kommunikasjon og sosial interaksjon
  • sosial forskjell
  • makt
  • berekraftig utvikling
  • arbeidsmarknad
  • demokrati og diktatur

Oppgåve 2 – tankekart

Søk og finn definisjonar på omgrepa frå oppgåve 1, og lag eit tankekart med stikkord ut frå kva de diskuterte i førre oppgåve, og ut frå definisjonane de fann. Tankekartet lagar de på ein felles plakat som alle kan notere på.

Oppgåve 3 – reflekter og diskuter

Sjå dokumentarfilmen iHUMAN, og diskuter spørsmåla under i grupper.

  1. I dokumentaren blir det peikt på at kunstig intelligens tvingar oss til å tenkje gjennom kva det vil seie å vere menneske og kva som gjer oss menneskelege. Det blir òg peikt på korleis kunstig intelligens kan påverke menneskeleg åtferd. Korleis kan kunstig intelligens påverke, endre og styre kommunikasjon og sosial interaksjon oss menneske imellom?
  2. Dokumentaren gav ei rekkje døme på korleis kunstig intelligens blir brukt, og korleis det kan bli brukt i framtida – av både kommersielle aktørar som Google og Facebook og av offentlege styresmakter. Kva kan kunstig intelligens bety for maktforhold og demokratiske prosessar i eit samfunn?
  3. Enkelte forskarar såg for seg at kunstig intelligens kunne løyse problem knytt til fattigdom, arbeidsløyse og helse. Andre meiner derimot at kunstig intelligens kan skape større sosial forskjell og fleire arbeidsledige. Kva meiner de? Korleis kan kunstig intelligens vere både ei løysing og ei utfordring for sosial forskjell og arbeidsmarknaden i eit samfunn?
  4. Ilya Sutskever såg for seg at i framtida ville jorda kanskje vere dekt av solcellepanel og datasenter, og Jürgen Schmidhuber kalla teknologi for ei ny livsform, ei naturkraft. Andre meiner at kunstig intelligens kan bidra til større ressurs- og energiinnsparing og redusert klimaavtrykk i framtida. Kva meiner de? Kan kunstig intelligens bidra til å «redde verda» gjennom å bidra til ei berekraftig utvikling, eller vil dette bli ein trussel?

Relatert innhald

Kunstig intelligens inneber at maskinene rundt oss blir stadig "smartare" og i stand til å løyse oppgåver som berre menneske kunne løyse tidlegare.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2021

Læringsressursar

Arbeidsdeling og produksjon