Hopp til innhald

Fagstoff

Weber: det rasjonelle byråkratiet

Kva er den beste måten å organisere arbeid på i det moderne industrisamfunnet? Max Webers teori om det rasjonelle byråkratiet prøvde å gi svar på dette.
Utdanningsdirektoratet si bygning i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Byråkratisk organisering

Du såg kanskje Espen Rostrup Nakstad frå Helsedirektoratet fleire gonger i media i løpet av koronapandemien? Helsedirektoratet er eit døme på ein organisasjon som nok kan seiast å ha ei byråkratisk organisering. Vi tenkjer ofte at byråkrati har med offentlege organisasjonar å gjere, men det kan òg kjenneteikne private verksemder.

Max Weber (1864–1920) utvikla teorien om det rasjonelle byråkratiet, og det er ei organisasjonsform med arbeidsdeling gjennom spesialisering. Weber rekna dette for å vere den mest optimale forma for organisering i eit kapitalistisk samfunn, og reglar og fagekspertise skulle erstatte den meir lause strukturen i tidlegare tider og tradisjonelle samfunn. Avgjerder som gjaldt alle, skulle ikkje takast ut frå kven ein kjende eller slektskap, men ut frå klare retningslinjer. Weber meinte at dersom organisasjonar nærma seg idealmodellen hans, ville det bli enklare for organisasjonane å nå måla sine.

Kjenneteikn ved Webers rasjonelle byråkrati

Weber skisserte dei følgjande trekka ved det han rekna som eit ideal for denne organisasjonsforma:

  • hierarkisk struktur ut frå fagkompetanse

  • skrivne reglar og rutinar i organisasjonen

  • skilje mellom rollene som tilsett og privatperson

  • lønn ut frå stilling, med moglegheit for å avansere i organisasjonen

  • ikkje privat eigarskap, men offentleg tilsette

Det rasjonelle byråkratiet – ei naturleg følgje av den industrielle revolusjonen og kapitalismen – ville ha klare fordelar i form av effektivisering, likebehandling, og formelle, tydelege reglar i arbeidslivet. Byråkratiet spegla arbeidsdeling, sidan tilsette var fagpersonar som fekk spesialiserte arbeidsoppgåver ut frå kva kunnskap og kompetanse dei hadde.

Sjølv om Weber hevda at byråkratimodellen hans hadde klare fordelar, såg han sjølv enkelte ulemper ved han. Byråkratisering førte nødvendigvis ikkje alltid til effektivisering, og arbeidet kunne vere svært rutineprega og direkte kjedeleg.

Weber presenterte ein idealmodell, ei løysing for eit samfunn i rivande utvikling. Byråkratiet lever i beste velgåande i samfunnet i dag, om enn i noko endra form frå Webers tid.

Kritikk av byråkratiet som organisasjonsform

På den eine sida kan byråkrati føre til likebehandling og klare retningslinjer, på den andre sida kan det bli ei tvangstrøye for samfunnet.

Som nemnt var Weber sjølv i tvil om byråkratiet. Han meinte at det rasjonelle byråkratiet var naudsynleg for å møte konsekvensane av den industrielle revolusjonen og kapitalismen. Likevel kunne det kvele menneskeleg fridom og rom for andre tenkjemåtar og bli "eit rasjonalitetens jernbur".

Når store organisasjonar får makt i form av fagekspertise, kan ekspertveldet oppstå. Avgjerder ekspertane tek, påverkar alle i samfunnet, utan at dei nødvendigvis har nokon innverknad. Dette kan utfordre demokratiske spelereglar i eit samfunn.

"Byråkratisering" har i dag ein negativ klang, og det refererer mellom anna til dei negative konsekvensane Weber sjølv viste til. Nyare teori er òg kritisk til rasjonalisering og effektivisering i samfunnet. Giddens (2016) hevdar at i dagens samfunn ser vi ei McDonaldisering, altså system som standardiserer arbeidsoppgåvene i stor grad. Resultatet er eit samfunn der alt er likt, på same måte som at alle McDonalds-restaurantar er like. Vil vi ha slike samfunn der alt blir mest mogleg likt?

I seinare tid har det òg vorte reist kritikk mot byråkratiske prosessar når reglar og prosedyrar ikkje løyser problema dei er meinte å løyse. Tvert imot blir dei til hinder for folk flest viss dei blir for rigide og vanskelege å manøvrere i. Offentlege institusjonar blir òg i dag kritiserte for å ikkje løyse oppgåvene dei er sette å gjere, sidan saker druknar i omstendeleg saksbehandling og eit omfattande regelvelde.

Mann utanfor NAV-kontor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Refleksjonsspørsmål

  1. Utdanningsdirektoratet er underlagt Kunnskapsdepartementet og har ansvar for å setje opplæringspolitikken ut i praksis. Eitt av måla deira er at alle skal lykkast i opplæringa og utdanninga. Eitt av verkemidla for å oppnå dette er eksamen. Ei rekkje fagpersonar i direktoratet jobbar med eksamenssystemet.

    Kva meiner du? Er eksamen eit godt verkemiddel for å nå målet om at alle skal lykkast i opplæringa og utdanninga?

  2. Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet gav mange faglege råd og tilrådingar gjennom koronapandemien. Dette skapte debatt, både fordi dei var usamde i enkelte saker, men òg fordi det vart påpeikt at både råda deira og avgjerder som vart tekne av regjeringa, var ein trussel mot demokratiet.

    Kva meiner du? Skal fagekspertane få ha så stor innverknad i ein pandemi at demokratiske prosessar kjem i andre rekkje?



Kjelder

  • Dalen, M. & Allkunne (2021, 21. april). Max Weber. I Store norske leksikon. https://snl.no/max_weber

  • Fivelsdal, E. & Sterri, A. B. (2019, 30. oktober). Byråkrati. I Store norske leksikon. https://snl.no/byråkrati

  • Giddens, A., Duneier, M., Appelbaum, R.P. & Carr, D. (2016). Introduction to Sociology (10. utg.). W. W. Norton & Company.

  • Grinth, K. & Nixon, D. (2015). The Sociology of Work (4. utg.). Polity Press.

  • Perdue, W. (1986). Sociological Theory. Mayfield Publishing Company.

  • Utdanningsdirektoratet (2021, 7. april). Våre oppgaver. https://www.udir.no/om-udir/vare-oppgaver/

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm .
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Arbeidsdeling og produksjon