Hopp til innhald
Oppgåve

Rollespel arbeidsdeling

Arbeidsdeling er å dele produksjonsprosessen i spesialiserte oppgåver. Men kva betyr det for individ og samfunn? Køyr debatt!

Rollespelet tek for seg dette spørsmålet: Kva konsekvensar har for individ og samfunn? Få oversikt over oppgåva før du går i gang. Tips til aktuelt lesestoff finn du i relaterte artiklar og som stikkord i rolleoversikta under.

1. Førebuing

Arbeid i grupper på seks elevar.

Fordel dei ulike rollene på gruppemedlemmene. Kvar rolleinnehavar førebur seg til rolla si ved å setje seg inn i dei viktigaste synspunkta rolla skal representere og argumentere for.

Ein i gruppa skal vere møteleiar, styre debatten slik at alle får lik taletid, og sørgje for ei kort oppsummering av debatten i rollespelet. Kor lang tid de treng til førebuing, avklarer de internt i gruppa og med læraren.

Forslag til diskusjonsspørsmål

Burde dei tilsette vere med på å bestemme over bedrifta?

Burde alle i bedrifta få del av overskotet viss det går bra? Skal alle få like mykje i så fall?

Korleis kan/bør arbeidsdelinga i bedrifta endrast?

Kor mykje skal tilsette ha rett til å bestemme?

Skal tilsette påskjønnast på andre måtar enn ved å få ein del av overskotet viss dei er lojale og pliktoppfyllande?

Fører arbeidsdeling til at arbeidarane mister kontroll over sitt eige arbeid, at dei ikkje får brukt sine eigne kreative evner, og at dei dermed blir framandgjorde?

Burde arbeidsoppgåver og yrke rullere i større grad – slik at alle får ta del i fleire ledd i produksjonsprosessen?

Skal det vere ein hierarkisk struktur i bedrifta, eller skal det vere ein flat struktur?

Bør staten regulere private bedrifter, eller bør han eige bedrifter i større grad?

Korleis bør leiinga stille seg til fagekspertisen som tilsette har?

Finst det alternativ til arbeidsdeling slik ho er organisert i samfunnet i dag?

Maskin og Mekk er eitt døme på ei bedrift der den interne arbeidsdelinga er i spesialiserte oppgåver. Kva kjenneteiknar arbeidsdelinga i samfunnet elles – mellom ulike bedrifter og mellom ulike land? Kva kan det føre til?

Skal det vere fleire avtalar, lover og reglar som regulerer forholdet mellom tilsette og eigarar av bedrifta?

2. Debatt – rollespel

Scenario: Petter Proletar har i lang tid følt at jobben hans har vore vanskeleg. Han føler seg oversett og utelaten når viktige avgjerder blir tekne i bedrifta. Han er kreativ og dyktig i jobben sin, men synest slett ikkje han får utnytta dette i jobben. Tvert imot føler han seg som ei brikke i maskineriet, og sjølv om han veit at jobben hans er viktig for samfunnet, føler han slett ikkje nokon eigarskap til bedrifta han jobbar i. Dessutan føler han at lønna er altfor låg, sidan han har ei nøkkelrolle i produksjonen, og han tenkjer at ein del av overskotet burde kome arbeidarane til gode. Han bestemmer seg for å ta dette opp med sjefen og eigaren av bedrifta, Kaia Kapitalsen.

Det går ikkje knirkefritt. Kaia har bygd opp bedrifta frå botnen av, med eigne opptente midlar og arv, og verken bedrift eller produksjonsmiddel ville eksistert utan den økonomiske innsatsen hennar. Dei som jobbar for henne, får lønn – og ho meiner at dette byteforholdet føreset at dei tilsette rettar seg etter korleis ho meiner bedrifta skal styrast.

Petter Proletar meiner at dette handlar ikkje berre om han, nei – faktisk gjeld dette mange arbeidsfolk. Han går til media.

Tre ivrige forskarar får dermed snusen i dilemmaet og meiner dei har nyttige synspunkt om arbeidsdeling. Marx, Weber og Durkheim bestemmer seg for å delta i debatten – for dette er prinsipielle spørsmål dei meiner gjeld heile samfunnet. Men dei har ulike meiningar, og dei aktar å overtyde dei andre partane.

Dermed hamnar dei fem i paneldebatt om dette spørsmålet: Kva konsekvensar har arbeidsdeling for individ og samfunn?

Køyr debatt!

3. Etterarbeid

Møteleiaren samanfattar debatten og dei viktigaste poenga til kvar enkelt til slutt, anten munnleg eller skriftleg. Avslutningsvis diskuterer de i gruppa om synspunkta til Marx, Durkheim og Weber bidreg til forståing av arbeidsdeling i samfunnet i dag.

Relatert innhald