Hopp til innhald

Fagstoff

Former for makt

Vi er omgitt av makt på mange forskjellige nivå i samfunnet. Kva former for makt finst det på ulike nivå i samfunnet, og korleis kan denne makta påverke einskildindivid og sosiale strukturar?
Bakhovudet til to studentar med kvar si datamaskin framfor seg. I bakgrunnen står ein lærær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike former for makt

Det finst makt i alle delar av samfunnet, og makt som eit sosialt fenomen kan studerast på fleire ulike nivå. Vi kan studere det på mikronivå, mesonivå eller makronivå. På mikronivå kan du ha meir eller mindre makt i nære sosiale relasjonar til familie og vener. På mesonivå vil du ha meir eller mindre makt i dei organisasjonane du er ein del av, på skulen, på jobben og på fritida. På makronivå vil økonomiske, politiske og ideologiske strukturar ha makt over deg, men du vil òg i varierande grad kunne vere med på å påverke dei.

Dei ulike nivåa i samfunnet heng saman og påverkar kvarandre. Viss Noreg på makronivå har god økonomisk vekst, vil det bli lettare for deg å få ein jobb ved sida av skulen. Med pengane frå jobben kan du kanskje kjøpe deg ein eigen bil og slik få auka makt over familie og vener på mikronivå. Viss du har auka makt i nære sosiale relasjonar, kan du påverke dei rundt deg i politiske spørsmål og på den måten vere med på å påverke samfunnsutviklinga på makronivå.

Ein tenåringsgut og ei tenåringsjente på veg gjennom ein park. Dei ser på kvarandre mens dei held kvarandre i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mikronivå – makt i sosiale relasjonar

I sosiale relasjonar er vi ofte gjensidig avhengige av kvarandre. Makta går begge vegar – vi har makt over kvarandre. Kor mykje makt nokon har i relasjonen, vil både vere avhengig av kva dei kontrollerer, og kor interesserte dei andre er i det. Jo meir kontroll du har over det den andre er interessert i, og jo mindre kontroll han eller ho har over det du er interessert i, jo meir makt har du i relasjonen.

Ifølgje sosiologen Willard Waller vil til dømes den av kjærastane som er minst interessert i forholdet, ha mest makt. Dette kjem av at han eller ho då vil kontrollere noko som partnaren er interessert i, mens partnaren ikkje i like stor grad kontrollerer noko han eller ho er interessert i.

Makt er ein del av alle sosiale relasjonar og kan ta mange ulike former. Den mest openberre er fysisk vald. Ei anna kjelde til makt er kontroll over gode. Den som kontrollerer pengane i familien, har makt. Eit av dei viktigaste krava til kvinnerørsla var til dømes at kvinner skulle ha si eiga inntekt.

Andre former for makt kan vere kunnskap og språklege evner. Dei kan gjere det lettare å få gjennomslag for eigne interesser. Den som er flinkast til å utrykkje seg, kan få definisjonsmakt. Det vil seie at han eller ho bestemmer korleis "verkelegheita" ser ut, og korleis noko skal oppfattast. I familien eller ulike miljø kan det til dømes vere noko ein ikkje snakkar om, noko som er tabu.

Sosial kontroll, normer og verdiar kan òg vere kjelder til makt i nære relasjonar. I ein kultur med eit tradisjonelt kjønnsrollemønster har menn mest makt, og normene tilseier at kvinner skal passe barn og la mannen forsørgje dei. Slike normer vil kunne brukast av menn til å låse kvinner fast i ein underordna posisjon i familien.

Maktmisbruk frå dei som står oss nærast, kan opplevast svært alvorleg, men kan vere vanskeleg å oppdage for utanforståande.

Fleire personar lener seg over eit konferansebord og ser mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mesonivå – makt i organisasjonar

I organisasjonar er makt ofte avhengig av kva for ein formell posisjon du har. Ein sjef har ei anna rolle og myndigheit enn tilsette. Han eller ho har til dømes ofte makt til å tilsetje nye medarbeidarar. Kva slags makt ulike posisjonar i organisasjonen gir, blir styrt av normer og reglar som ofte finst på førehand.

Denne formelle makta til sjefen er størst i hierarkiske organisasjonar med stor avstand mellom leiarar, mellomleiarar og tilsette. I organisasjonar med flat struktur, der det er færre sjefar og større likskap, er det større spelerom for uformell makt og innverknad. Det vil seie makt som ikkje er knytt til ein fast posisjon eller stilling.


Når ein skal studere kven som har makt i ein organisasjon, kan ein ikkje berre sjå på kva posisjon dei har. Andre ting som kan gi makt i ein organisasjon, ifølgje sosiologen Per Morten Schiefloe, er:

sanksjonsmakt,
som gir kontroll over materielle ressursar og andre gode. Ein sjef i ei privat bedrift kan til dømes gi høgare lønn til ein tilsett som gjer ein god jobb.
dagsordenmakt,
som gir moglegheit til å bestemme kva saker som skal diskuterast og avgjerast i organisasjonane. Fagforeiningsrepresentantar kan til dømes påverke kva saker som skal diskuterast på eit møte med leiinga.
tilgangsmakt,
som gir moglegheit til å påverke kven som kan delta når organisasjonen skal ta avgjerder. Ein rektor kan til dømes påverke kva møte på skulen elevrådsrepresentantane kan delta på.
informasjonskontroll,
som gir moglegheit til å påverke kva informasjon dei som skal ta avgjerdene, får. Viss leiinga vurderer å flytte bedrifta, kan ein tilsett få i oppgåve å skaffe informasjon om fordelar og ulemper ved flytting. Denne tilsette får då makt til å velje ut informasjon som påverkar avgjerda til bedrifta.
kunnskapsmakt,
, som gir innverknad i kraft av spesiell kunnskap og kompetanse som organisasjonen har behov for. Viss bedrifta har eit problem med miljøutslepp, og du er den einaste eksperten på miljøteknologi i bedrifta, får du auka makt og innverknad.
nettverksmakt,
som gir tilgang til uformelle sosiale relasjonar i og utanfor organisasjonen. Viss du har vore lenge i ei bedrift og kjenner mange av dei tilsette, kan du bruke kontaktane dine til å påverke organisasjonen i ei bestemd retning.
Politikarar, president, sekretær, publikum og referent i stortingssalen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Makronivå – makt i samfunnet

Kven har makt til å påverke fordelinga av gode og byrder i eit samfunn? Det finst ikkje noko enkelt svar på det spørsmålet. Samfunnet består av ulike område der vi finn mange ulike former for makt. Vi kan skilje mellom tre grunnleggjande former for makt på samfunnsnivå.

Politisk makt
er den institusjonaliserte og sentraliserte makta innanfor statar og internasjonale organisasjonar. For å få politisk makt treng ein oppslutning, til dømes stemmer i politiske val. Den politiske makta kjem til utrykk gjennom lover og vedtak og byggjer på moglegheita til å bruke tvangsmakt, som til dømes militære styrkar, rettsvesen og politi.
Økonomisk makt
handlar om fordelinga av avgrensa, materielle gode i samfunnet. Ein får økonomisk makt når ein har kapital eller kontrollerer naturressursar eller produksjonsmiddel i samfunnet. Den norske staten har til dømes økonomisk makt på grunn av naturressursar som fisk og olje. Næringslivsleiarar kan ha økonomisk makt fordi dei kontrollerer bedrifter, eller fordi dei har pengar som dei kan investere.
Ideologisk makt
handlar om å kunne påverke tankar, verdiar, normer, kjensler og sjølvoppfatning. Kultur, språk og tenkjemåtar i samfunnet formar førestellingane våre og måten vi gir meining til verda rundt oss på. Institusjonaliserte religionar som kristendommen og islam kan til dømes ha makt til å påverke normer og verdiar, og ulike medium kan ha makt til å påverke språk og kultur.

Ei fjerde form for makt som vi kunne ha teke med, er militær makt. Militær makt byggjer på våpen og militære styrkar. I Noreg og mange andre land er militære underlagde den politiske makta, men ikkje alle former for militær makt er underlagde staten i det internasjonale samfunnet. Det finst til dømes terrororganisasjonar og private tryggingsselskap.

Amerikanske jagarfly på eit hangarskip. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Maktstrukturen i samfunnet

Ifølgje sosiologen Michael Mann er den viktigaste makta i eit samfunn alltid samla i organisasjonar. Viss makta skal vere effektiv, må ho bli samla i organiserte nettverk som varer over lengre tid. Dei organiserte nettverka kan bindast saman i institusjonar som til dømes staten, kyrkja eller hæren. Michael Mann analyserte maktstrukturen i ulike samfunn opp gjennom historia og fann fire grunnleggjande typar av organiserte maktnettverk som gjekk igjen. Det var nettverk med nettopp politisk, økonomisk, ideologisk og militær makt.

Dei politiske, økonomiske, ideologiske og militære nettverka har ulike former for makt og sit på ulike maktmiddel. Kva for nokre av dei fire nettverka som har mest makt, vil variere mellom ulike samfunn til ulike tider. Dei ulike nettverka kan bruke makta si til å dominere eller skaffe seg innverknad over dei andre nettverka. I Europa i mellomalderen brukte til dømes kyrkja si ideologiske makt til å skaffe seg politisk og økonomisk makt. Økonomisk makt kan òg brukast til å oppnå politisk makt. I USA støttar til dømes store selskap og næringslivsleiarar politiske parti økonomisk for å skaffe seg politisk innverknad.

Kjelder

Engelstad, F. (2005). Hva er makt. Oslo: Universitetsforlaget

Engelstad, F. (2019, 20 juni). «Makt». I Store Norske Leksikon. Henta frå https://snl.no/makt

Nordhaug, K. (2013). Michael Manns teori om makten og dens organisering. Henta frå https://www.researchgate.net/publication/282943111_michael_manns_teori_om_makten_og_dens_organisering

NOU 2003: 19. (2003). Makt og demokrati. Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Schiefloe, P.M. (2019). Menneske og Samfunn (3. utg.). Oslo: Vigmostad & Bjørke

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2021

Læringsressursar

Makt og former for maktutøving