Hopp til innhald
Oppgåve

Thomas Piketty og økonomisk ulikskap

Blir det større eller mindre økonomiske forskjellar i verda? Ei av dei mest kjende skildringane av økonomisk ulikskap i vår tid kjem frå den franske samfunnsøkonomen Thomas Piketty. Ifølge teorien hans har dei rike ein tendens til å bli stadig rikare.

Oppgåve 1

Diskuter før de ser filmen:

  1. Er det stor økonomisk ulikskap i Noreg?

  2. Blir det meir eller mindre økonomisk ulikskap i Noreg?

  3. Kva er dei viktigaste årsakene til økonomisk ulikskap?

Piketty og ulikskap i Noreg. Video: Agenda / Avgrensa bruksrett

Oppgåve 2. Thomas Piketty og ulikskap

Sjå filmen og svar på spørsmåla.

  1. Kven er Thomas Piketty?

  2. Kva meiner Thomas Piketty med formelen: r > g (r er større enn g)?

  3. Korleis beskriv filmen dei økonomiske forskjellane i Noreg?

  4. Ifølge filmen trur mange menneske at dei økonomiske forskjellane i Noreg er mindre enn dei i verkelegheita er. Trur du det stemmer? Kvifor er det eventuelt slik?

  5. Gå inn på Statistisk sentralbyrås nettsider. Finn ut om dei økonomiske forskjellane i Noreg har auka eller sokke dei siste fire–fem åra.

Oppgåve 3. Tankesmien Agenda

Denne filmen er laga av Tankesmien Agenda.

  1. Finn ut kva Agenda er, og kven som står bak organisasjonen.

  2. Diskuter deretter kva de trur Agenda ønsker å oppnå med denne filmen.

Oppgåve 4. Kritikken av Thomas Piketty

Les Marius Doksheims kritikk av Thomas Piketty på nettsidene til Civita: Piketty og ulikhetsdebatten.

  1. Kva meiner Marius Doksheim er feil i Thomas Pikettys teori?

  2. Marius Doksheim er fagsjef i Civita. Finn ut kva Civita er, og kven som står bak organisasjonen.

  3. Diskuter kva som kan vere årsakene til at organisasjonane Agenda og Civita har ulikt syn på Thomas Piketty.

Vidare fordjuping

Verdshistoria til ulikskapen

Les artikkelen i Agenda Magasin: Ulikhetens verdenshistorie.

  • Kva er årsakene til ulikskap, ifølge Piketty?

  • Korleis blir økonomisk ulikskap legitimert?

  • Kva kan ein gjere for å minske forskjellen, ifølge Piketty?

Utforsk forskjellsstatistikken

Ifølge ein rapport frå Statistisk sentralbyrå er inntektsforskjellen stor: Ulikheten – betydelig større enn statistikken viser

  • Kva er årsakene til at forskjellen er større enn statistikken viser, ifølge artikkelen?