Hopp til innhald

Fagstoff

Funksjonell lagdeling

Er ulikskap naudsynleg for at samfunnet skal fungere best mogleg? Ifølgje ein strukturfunksjonalistisk teori om lagdeling sikrar forskjellar i lønn og status at dei mest kompetente personane får dei viktigaste og mest ansvarsfulle stillingane.
Hand som grip om fleire små fiskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor finn vi sosial ulikskap i nærast alle kjende samfunn gjennom tidene? Så å seie alle samfunn er lagdelte. Det finst eit hierarki eller ei rangordning der nokon disponerer fleire gode og rettar enn andre.

Ein måte å forklare sosial ulikskap på er å sjå på kva funksjon ulikskap har for samfunnet. Kva oppgåve løyser ulikskap? Vi kallar ei slik tilnærming funksjonalistisk, og funksjonelle teoriar om ulikskap har spelt ei viktig rolle i sosiologi og sosialantropologi frå Emil Durkheim og framover.

Davis og Moore

Ein funksjonalistisk teori om ulikskap som har fått stor innverknad, er teorien til Kingsley Davis og Wilbert Moore. Dei høyrde til strukturfunksjonalismen, som er ei retning innanfor funksjonalismen.

Ifølgje Davis og Moore er sosial ulikskap ein heilt naudsynleg del av samfunnet. For at samfunnet skal fungere best mogleg, må dei mest kompetente personane få dei vanskelegaste og viktigaste jobbane. For å tiltrekkje seg dei mest arbeidsame og kompetente personane er det naudsynleg å påskjønne desse posisjonane med høgare lønn og status. Dei mindre viktige posisjonane i samfunnet har derimot lågare lønn og status. Dette er fordi samfunnet ikkje har det same behovet for å tiltrekkje seg kompetente arbeidarar til desse posisjonane.

Ut frå denne teorien har ein bedriftsleiar ein vanskelegare og viktigare jobb enn dei vanlege tilsette. Leiarposisjonen krev kanskje høgare utdanning, meir erfaring, meir arbeidsinnsats eller eit spesielt talent. For å sikre seg at dei best kvalifiserte personane i bedrifta og samfunnet ønskjer å bli leiar, er det naudsynleg å gi leiaren høgare lønn og status. Det er først når den best kvalifiserte personen blir leiar, at bedrifta kan fungere optimalt. Likeins er det med legar og kirurgar på eit sjukehus. For å tiltrekkje seg kompetente personar som er villige til å arbeide hardt og gå gjennom ei lang og krevjande utdanning, har legar og kirurgar høg lønn og status.

Ifølgje Davis og Moore er det først og fremst prestasjonane dine som bestemmer kor høg status og lønn du får. Lønns- og statusforskjellar har som oppgåve å kople rett person til rett jobb for at samfunnet skal fungere best mogleg. Davis og Moore fokuserer på korleis samfunnet fungerer og ikkje på spørsmålet om den sosiale ulikskapen er rettferdig eller ikkje.

Den same mannen er kledd i ulike uniformar fordi han skal representere ulike yrkesgrupper: lege, brannmann, politibetjent, soldat, snekkar og pilot. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kritikk av Davis og Moore

Teorien til Davis og Moore har vorte brukt for å legitimere sosiale forskjellar. Han har òg vorte utsett for fleire ulike former for kritikk.

For det første er det eit spørsmål om kva posisjonar som er viktige i samfunnet. Korleis skal ein avgjere om ein posisjon er viktig eller ikkje? Er det i røynda slik at dei med dei viktigaste jobbane i samfunnet får høgast lønn og status? Har ein bussjåfør med ansvar for 50 skulebarn ein mindre viktig og ansvarsfull jobb enn ein mellomleiar i ei bedrift? Eit anna døme er renovasjonsarbeidarar. Dei som hentar søppel, har relativt låg lønn og status, men ein moderne storby vil ikkje fungere utan dei. Filmstjerner og sportsidol har derimot høg lønn og status, men er neppe naudsynlege for at samfunnet skal fungere.

For det andre er det eit spørsmål om sosial ulikskap alltid er funksjonelt. Kan ikkje sosial ulikskap verke dysfunksjonelt for dei som fell utanfor? Den låge inntekta og statusen til dei som fell utanfor samfunnet, kan jo til dømes leie til opptøyar og på den måten true samfunnsbalansen.

For det tredje er det spørsmål om sosial mobilitet. Dersom dei viktigaste og mest ansvarsfulle posisjonane skal tiltrekkje seg dei mest kompetente personane, må alle ha den same moglegheita. Det kan ikkje vere slik at barn i høgare sosiale lag har større sjansar til å få ein høg posisjon. Det ville gjere utveljinga mindre effektiv, sidan det ville ekskludere mange talentfulle personar frå lågare sosiale lag. Ifølgje statistikken i Noreg og andre land er det likevel ein klar tendens til barn i lågare sosiale lag har mindre sjansar til å oppnå ein høg posisjon. Denne manglande intergenerasjonsmobiliteten viser at den sosiale ulikskapen i samfunnet ikkje nødvendigvis bidreg til ei effektiv utveljing av dei mest kompetente personane.

Kjelder

  • Dillon, M. (2014). Introduction to sociological theory. Theorists, Concepts, and their Applicability to the Twenty-First Century. Wiley Blackwell.

  • Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Cambridge: Polity Press.

  • Schiefloe, P. M. (2019). Menneske og samfunn (3. utg.). Vigmostad & Bjørke.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021

Læringsressursar

Lagdeling, klassar og sosial ulikskap