Hopp til innhald
Oppgåve

Ulikskapar i Oslo

Oslo er byen med dei største sosiale forskjellane i Noreg. Ta T-banen frå Oslo aust til Oslo vest, og utforsk forskjellane mellom dei ulike bydelane i hovudstaden. Undersøk deretter dei sosiale forskjellane der du bur.
Tekst "Nilsen" av Don Martin

Tunge skyer over sentrum som om Tor styrer
Boka om Oslo er fortellinga om to byer
Som om historia til hovedstaden var Charles Dickens
Hvis du lurer på hvem jeg repper det er klart hvilken
Jeg er fra Oslo Øst det har du kanskje skjønt
Det er mitt univers
Passet er oransje og grønt
Grønlandsleiret er hovedgata i byen min

Jeg er en Groruddøl som nettopp flytta lengre inn
Vi leker ikke Queensbridge eller South Bronx
Men vi har mer enn et par apekatter iblant oss
Selv i en rolig by som Oslo skjer det mye fucka

Grønland blir gentrifisert som Grünerløkka
Og de som bodde der nettopp blir pressa lengre ut
Å bytte Aker ut mot Ahus det var sjukehus
Jeg er så Oslo du kan kalle meg for Nilsen
Rudolf Lillebjørn Joachim velg hvilke
Så kan du høre byen puste inn
Du finner meg med lua ned i øya bak i bussen din
Jeg er så Oslo du kan kalle meg for Halvard

Gamlebyen Grorud Aker Alna
Og de hører på meg overalt
Holmlia til Haugenstua hele byen kant til kant
Jeg er så Oslo du kan kalle meg for Nilsen
Så la meg sende ut en hilsen

Du finner meg på linje 2 mot Ellingsrud
Går av på Furuset Senter hvor gutta henger ut
Jeg er med folk som alltid gjør noe har noe tull på færde
Møt meg på Tøyenbadet sommernatt med hull i gjerdet

Det er sjelden noe er lengre vekk enn telefon
Det er alltid noen som kjenner noen som kjenner noen
Av alle storbyer i verden er nok Oslo minst
Det er her jeg føler meg hjemme det her er byen min
Gutta mine er fra overalt i hele sjappa
Fra gutt til mann på disse veiene og nå blitt pappa

Oslo er blanda av alle typer folk som lever her
Og nettopp denne blandinga gjør byen min til det den er
Du finner meg i Torggata på nattestid
Jeg loker rundt i Gamlebyen i hatten min
Jeg fant prinsessa mi blant Haugenstuas blokker vil'kke
Flytte herfra selvom dem tilbyr meg halve kongerike

Er Oslo ein delt by? I desse oppgåvene skal du utforske dei sosiale forskjellane i Oslo og samanlikne dei med der du bur. Start gjerne med å sjå videoen til rapparen Don Martin. I songen skildrar han Oslo som ein delt by og syng om tilhøyrsla si til Oslo aust. Tittelen "Nilsen" referer til diktaren Rudolf Nilsen, visesongaren Lillebjørn Nilsen og rockemusikaren Joachim Nilsen, som alle kjem frå Oslo.

Ein T-banetur frå Oslo aust til Oslo vest

Bruk det interaktive karta på sida Ulikskaper i Oslo. Ein T-banetur fra Oslo vest til Oslo aust (envisio.no). Ta T-banen frå aust til vest i Oslo, og utforsk ulikskapar i inntekt og levekår. (Dersom du ikkje kan bruke det interaktive kartet, finn du ei oversikt over levekåra under oppgåvene. Der finn du òg ei lenkje for kvar stasjon til Google Earth dersom du vil utforske området nærare.)

  1. Vel ut minst to ulike sosiale faktorar som er beskrivne på det interaktive kartet. Beskriv deretter konkret korleis desse sosiale faktorane endrar seg etter kvart som ein flytter seg frå aust til vest i Oslo

  2. Kva trur du er dei viktigaste grunnane til at det er så store forskjellar mellom aust og vest i Oslo?

  3. Kvifor trur du menneske med den same sosioøkonomiske statusen buset seg på den same staden?

  4. Kva konsekvensar trur du den sosiale ulikskapen mellom Oslo aust og Oslo vest kan få for dei som bur i byen og for det norske samfunnet?
Oversikt over info på Oslokartet

Furuset stasjon

Furuset stasjon på Google Earth (earth.google.com)

Nøkkeltal for Furuset stasjon

  • gjennomsnittsinntekt 2018: 353 000 kroner

  • andel blokkbusetnad: 84 prosent

  • andel personar med låg utdanning: 42 prosent

  • andel innvandrarar med: kort butid = 7,9 prosent, lang butid = 39 prosent

  • andel med innvandrarforeldre: 25 prosent

Nøkkeltal bydelen til Furuset (Alna)

  • gjennomsnittleg levealder: kvinner = 83,2 år, menn = 79,3

  • arbeidsløyse (mars 2021): 7,9 prosent

  • droppa ut av vidaregåande skule: 10,3 prosent

Ensjø stasjon

Ensjø stasjon på Google Earth (earth.google.com)

Nøkkeltal for Ensjø

  • gjennomsnittsinntekt 2018: 480 000 kroner

  • andel blokkbusetnad: 96 prosent

  • andel personar med låg utdanning: 15 prosent

  • andel innvandrarar med: kort butid = 6,5 prosent, lang butid = 19 prosent

  • andel med innvandrarforeldre: 8,9 prosent

Nøkkeltal bydelen til Ensjø (Gamle Oslo)

  • gjennomsnittleg levealder: kvinner = 82,6 år, menn = 76,8 år

  • arbeidsløyse (mars 2021): 7,9 prosent

  • droppa ut av vidaregåande skule: 16,4 prosent

Grønland stasjon

Grønland stasjon på Google Earth (earth.google.com)

Nøkkeltal for Grønland

  • gjennomsnittsinntekt 2018: 375 000 kroner

  • andel blokkbusetnad: 99 prosent

  • andel personar med låg utdanning: 29 prosent

  • andel innvandrarar med: kort butid = 12 prosent, lang butid = 30 prosent

  • andel med innvandrarforeldre: 13 prosent

Nøkkeltal bydelen til Grønland (Gamle Oslo)

  • gjennomsnittleg levealder: kvinner = 82,6 år, menn = 76,8 år

  • arbeidsløyse (mars 2021): 7,9 prosent

  • droppa ut av vidaregåande skule: 16,4 prosent

Majorstua stasjon

Majorstua stasjon på Google Earth (earth.google.com)

Nøkkeltal for Majorstua

  • gjennomsnittsinntekt 2018: 542 000 kroner

  • andel blokkbusetnad: 96 prosent

  • andel personar med låg utdanning: 12 prosent

  • andel innvandrarar med: kort butid = 8,1 prosent, lang butid = 16 prosent

  • andel med innvandrarforeldre: 4,4 prosent

Nøkkeltal bydelen til Majorstua (Frogner)

  • gjennomsnittleg levealder: kvinner = 84,5 år, menn = 81,8 år

  • arbeidsløyse (mars 2021): 6,9 prosent

  • droppa ut av vidaregåande skule: 7,1 prosent

Slemdal stasjon

Slemdal stasjon på Google Earth (earth.google.com)

Nøkkeltal for Slemdal

  • gjennomsnittsinntekt 2018: 1 080 000 kroner

  • andel blokkbusetnad: 18 prosent

  • andel personar med låg utdanning: 6,5 prosent

  • andel innvandrarar med: kort butid = 6,5 prosent, lang butid = 7,9 prosent

  • andel med innvandrarforeldre: 1,5 prosent

Nøkkeltal bydelen til Slemdal (Vestre Aker)

  • gjennomsnittleg levealder: kvinner = 87, 2 år, menn = 83,4 år

  • arbeidsløyse (mars 2021): 3,8 prosent

  • droppa ut av vidaregåande skule: 2,6 prosent

Holmenkollen stasjon

Holmenkollen stasjon på Google Earth (earth.google.com)

Nøkkeltal for Holmenkollen

  • gjennomsnittsinntekt 2018: 907 000 kroner

  • andel blokkbusetnad: 38 prosent

  • andel personar med låg utdanning: 15 prosent

  • andel innvandrarar med: kort butid = 4,1 prosent, lang butid = 11 prosent

  • andel med innvandrarforeldre: 2,1 prosent

Nøkkeltal bydelen til Holmenkollen (Vestre Aker)

  • gjennomsnittleg levealder: kvinner = 87,2 år, menn = 83,4 år

  • arbeidsløyse (mars 2021): 3,8 prosent

  • droppa ut av vidaregåande skule: 2,6 prosent

Utforskingsoppgåver

Utforsk ulike sider ved ulikskapen i Oslo og staden der du bur. Del klassen i grupper, fordel oppgåvene i dei klikkbare boksane under, og framfør resultatet for kvarandre. De kan òg velje ei av oppgåva kvar for dykk og svare på ho.

1. Bustadprisane i Oslo aust og Oslo vest

Ei årsak til ulikskapane i Oslo er forskjellar i bustadene og bustadprisane mellom Oslo aust og Oslo vest.

  1. Finn to bustadannonsar for ein bustad på austkanten og ein bustad på vestkanten som liknar kvarandre i storleik. Samanlikn prisen mellom dei. Du kan til dømes bruke Finn eiendom (finn.no).

  2. Korleis kan bustadprisane føre til skiljelinjer mellom aust og vest?

  3. Ulikskapane i Oslo går langt tilbake i tid. Kva er dei historiske grunnane til at bustadene og bustadprisane er ulike på Oslo aust og Oslo vest?


Relevante kjelder:

2. Oslo og Noreg

Kjem dei store forskjellane i Oslo av at nokre av bydelane skil seg ut frå resten av Noreg?

  1. Vel to bydelar i Oslo vest og ein i Oslo aust og finn gjennomsnittsinntekta eller medianinntekta for desse bydelane på SSB-sida under.

    SSB: Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger

  2. Samanlikn tala du fann i oppgåve a med gjennomsnitts- eller medianinntekta i heile Noreg og den staden der du bur.

  3. Basert på det du har funne ut, på kva måtar skil Oslo aust og Oslo vest seg ut frå resten av Noreg?

  4. Diskuter årsakene til eventuelle forskjellar og likskapar mellom Oslo og andre delar av Noreg.

3. Innvandring i Oslo

Alle bydelane i Oslo har ein høgare andel innvandrarar enn gjennomsnittet i Noreg. Utforsk innvandringa ved hjelp av Oslo kommune sin statistikk over personar med innvandrarbakgrunn på sida under.

Oslo kommune: Personer med innvandrarbakgrunn

  1. Undersøk kor stor andel innvandrarar dei ulike bydelane i Oslo har.

  2. Undersøk kva område av verda innvandrarane kjem frå i dei ulike bydelane Oslo. Bruk Oslo kommune sin statistikk over personar med innvandrarbakgrunn.

  3. Korleis kan innvandrarbefolkninga påverke dei kulturelle forskjellane mellom Oslo vest og Oslo aust?

4. Er Oslo ein delt by?

Ulikskapen i Oslo er eit politisk stridsspørsmål. Den venstreorienterte tankesmia Manifest har kalla Oslo ein delt by. Den høgreorienterte tankesmia Civita hevdar derimot at Oslo ikkje er ein delt, men ein samansett by, fordi forskjellane internt i dei ulike bydelane er så store.

  1. Finn døme på inntektsforskjellar internt i dei ulike bydelane i Oslo. De kan bruke dette interaktive kartet med oversikt over gjennomsnittsformue per postnummer frå 2016 (carto.com).

  2. Diskuter om det er riktig eller gale å kalle Oslo ein delt by ut frå det de har funne ut. Grunngi svaret.

  3. Diskuter om vi bør ha meir eller mindre fokus på dei sosiale forskjellane i byar som Oslo. Er det naudsynt å ha fokus på forskjellane, eller kan det verke stigmatiserande?

Relevante kjelder:

5. Buformene i Oslo aust og Oslo vest

Bruk Oslo kommune si side Bydelsfakta til å utforske eigarform og butettleik i Oslo aust og Oslo vest.

Oslo kommune: Bydelsfakta – statistikk om befolkning, levekår og boforhold

  1. Samanlikn eigarformene på Holmenkollen og Slemdal i bydel Vestre Aker i Oslo vest med Grønland i bydel gamle Oslo og Furuset i bydel Alna i Oslo aust. Kva er forskjellane?

  2. Samanlikn butettleiken i Holmenkollen og Slemdal i bydel Vestre Aker i Oslo vest med Grønland i bydel gamle Oslo og Furuset i bydel Alna i Oslo aust. Kva er forskjellane?

  3. Diskuter korleis eigarform og butettleik kan påverke livskvaliteten til dei som bur i Oslo aust og Oslo vest.

6. Rusmiddelbruken i Oslo

Bruk Oslo kommune sin statistikkbank til å utforske bruken av alkohol og hasj mellom unge i Oslo. De finn oversikta på statistikkbanken til Oslo kommune. (Sjå i menyen til venstre under "Oslohelsa", "Helserelatert adferd" og "Rus".)

Oslo kommune: Statistikkbanken

  1. Kva forskjellar finn du når det gjeld alkoholbruken i bydelane Alna og Gamlebyen i Oslo aust og bydelane Frogner og Vestre Aker i Oslo vest?

  2. Kva forskjellar finn du når det gjeld hasjbruken mellom unge i bydelane Alna og Gamlebyen i Oslo aust og bydelane Frogner og Vestre Aker i Oslo vest?

  3. Finn ut meir i media om rusmiddelbruken i Oslo aust og Oslo vest.

  4. Diskuter kva som kan vere årsakene til forskjellane mellom Oslo aust og Oslo vest når det gjeld rusmiddel.

7. Kulturelle forskjellar i Oslo

Det er ikkje berre sosiale og økonomiske forskjellar mellom dei ulike delane av Oslo, men òg kulturelle forskjellar.

  1. Finn nokre døme på kulturelle forskjellar med tanke på språk, musikk, klesstil og fritidsinteresser mellom Oslo aust og Oslo vest.

  2. Diskuter kva som kan vere årsakene til at desse kulturelle forskjellane har utvikla seg.

  3. Finn nokre døme på ulike medieframstillingar av kulturen i Oslo aust og Oslo vest i til dømes film, humorprogram eller TV-seriar. Kva vel dei ulike framstillingane å fokusere på?

  4. Diskuter i kva grad media bidreg til å halde oppe og forsterke kulturelle stereotypiar mellom Oslo aust og Oslo vest.

8. Ulikskapen der du bur
  1. Finn oversikt over sosiale og økonomiske forskjellar mellom kommunane eller bydelane der du sjølv bur. Bruk statistikk på nettsidene til kommunen eller eventuelt sidene under.

  2. Kva er dei største forskjellane du finn mellom ulike område av nærmiljøet ditt?

  3. Diskuter kva som kan vere dei viktigaste årsakene til dei forskjellane du har funne.

Kjelder

Ljunggren, J. (Red). (2017). Oslo – ulikhetenes by. Cappelen Damm Akademisk.

Oslo kommune (u.å.). Bydelsfakta – statistikk om befolkning, levekår og boforhold. https://bydelsfakta.oslo.kommune.no/