Bourdieu om kapitalformer og habitus
Pierre Bourdieu har eit konfliktteorietisk syn på samfunnet. Han meiner samfunnet består av individ og grupper som kjempar mot kvarandre for å få tilgang til ressursar, som til dømes pengar, eigedom, prestisje eller sosiale nettverk. Desse ressursane gir deg makt og fordelar og kan brukast til å oppnå ulike gode. Har du pengar, kan du til dømes kjøpe deg eigedom, ting og tenester. Dei som har flest ressursar, er øvst i samfunnshierarkiet og vidarefører gjerne ressursane sine til neste generasjon.
Bourdieu kallar dei ressursane samfunnsmedlemmene konkurrer om, for kapital. Han meiner det finst fleire ulike former for kapital og skil mellom tre hovudformer:
økonomisk kapital
kulturell kapital
sosial kapital
Økonomisk kapital består av økonomiske ressursar som pengar, aksjar, eigedom, fabrikkar, råvarer, verdifulle gjenstandar og så vidare. Desse ressursane gir deg økonomisk makt og kan brukast til investeringar. Du kan til dømes kjøpe opp ei bedrift som kan auke formuen din og gi deg makt over dei tilsette i bedrifta og lokalsamfunnet.
Ifølgje Bourdieu er økonomisk kapital den viktigaste forma for kapital og det som i aller størst grad avgjer plasseringa di i samfunnshierarkiet.
Kulturell kapital består av kulturelle eigenskapar og ferdigheiter som kan gi deg lettare tilgang til høgare utdanning, prestisjefylte miljø og attraktive posisjonar på arbeidsmarknaden. Dersom du til dømes veks opp med høgt utdanna foreldre, vil du automatisk lære å bruke bestemde ord, lese bestemde bøker og verdsetje bestemde kulturuttrykk. Desse kulturelle ferdigheitene vil gjere det lettare for deg å få gode karakterar på skulen, fordi det nettopp er desse eigenskapane og denne kunnskapen som skulen og lærarane verdset.
Kulturell kapital kan grovt sett skiljast i to ulike former:
God smak og danning: ei vurderingsevne som gjer deg i stand til å meistre høgkulturen i samfunnet. Det kan til dømes vere evna til å verdsetje den same stilen og dei same filmane, bøkene eller kunstverka som andre i prestisjefylte miljø.
Utdanningskapital: kunnskap og utdanningstitlar som du tileignar deg via høgskular og universitet, til dømes ei mastergrad eller titlar som lege, advokat eller professor.
Ifølgje Bourdieu vil nokre former for kultur i eit hierarkisk og klassedelt samfunn bli vurderte som betre og finare enn andre. Den dominerande klassen bruker kultur for å skilje seg ut frå andre grupper i samfunnet, og dei har makt til å definere smaken sin og dei kulturelle preferansane sine som høgare og betre enn andre sine. Dei har nemleg makt til å ekskludere dei som ikkje deler den same smaken og dei same kulturelle preferansane som dei sjølve. På den måten får du eit skilje mellom høgkultur og lågkultur. Jo betre evne du har til å meistre høgkulturen i samfunnet, jo meir kulturell kapital har du.
På den eine sida har kulturell kapital ei ytre, synleg form som kan vere lett å observere. Personar med mykje kulturell kapital kan til dømes ha prestisjefylte kunstverk på veggane, høge utdanningstitlar, eksklusive klede eller ei bestemt "smakfull" innreiing der dei bur. På den andre sida kan kulturell kapital vere vanskeleg å observere direkte. Når du veks opp i eit prestisjefylt miljø, lærer du til dømes å snakke og kle deg på ein bestemd måte, du lærer eit kroppsspråk, ein veremåte og kva som er riktig å seie og gjere i akkurat desse sosiale omgivnadene. Dette er ferdigheiter som gjer at du glir naturleg inn i miljøet. Denne forma for kulturell kapital kan vere svært viktig for å kome seg opp og fram i samfunnet, men svært vanskeleg å definere heilt presist.
Sosial kapital består av tilgang til kontaktar og sosiale nettverk som du kan mobilisere for å oppnå det du vil i viktige situasjonar. Vener, kjenningar, familie og kollegaer kan til dømes tipse deg om gode forretningsmoglegheiter, gi deg kompetente råd eller introdusere deg for potensielle arbeidsgivarar.
Dersom du til dømes veks opp i eit prestisjefylt område med dyre bustader, vil du bli kjend med mange barn av rike foreldre. Dersom du tek ei prestisjefylt utdanning, vil du i studietida bli kjend med andre studentar med prestisjefylte utdanningar. Desse kjennskapa vil gjere det lettare å få tilgang til bestemde arbeidsplassar og sosiale miljø seinare i livet.
På den eine sida er dei ulike kapitalformene uavhengige av kvarandre. Du kan ha mykje kulturell kapital, men lite økonomisk kapital. Ein fattig, men lærd student kan til dømes ha lite pengar, men mykje kulturell kapital i form av høg utdanning og "god" smak.
På den andre sida heng dei ulike kapitalformene saman fordi ei form for kapital kan gi deg betre tilgang til dei andre formene. Har du til dømes økonomisk kapital, kan du leige ein kunstkjennar for å lære deg om kunst og på den måten skaffe deg kulturell kapital. Har du sosial kapital, kan du ved hjelp av kjenningane dine lettare få tilgang til godt betalte jobbar og på den måten skaffe deg økonomisk kapital.
Kor mykje økonomisk, sosial og kulturell kapital du har, avgjer kva klasse du høyrer til. Bourdieu skil mellom tre ulike klassar i samfunnet:
Den dominerande klassen (borgarskapet) har mest kapital.
Middelklassen (småborgarskapet) er i midten.
Den dominerte klassen (arbeidarklassen) har minst kapital.
Desse tre klassane prøver heile tida å forsvare og betre den relative posisjonen sin overfor kvarandre. Dei som høyrer til middelklassen, vil til dømes prøve å etterape og bli ein del av den dominerande klassen samtidig som dei forsvarer seg mot arbeidarklassen ved å devaluere og sjå ned på kulturen og smaken deira.
Ifølgje Bourdieu påverkar det sosiale miljøet og den sosiale klassen vi veks opp i, tankane og handlingane våre på ein grunnleggjande måte. Dersom du til dømes veks opp i middelklassen, lærer du å ete ein bestemd type mat, feriere på ein bestemd måte og verdsetje bestemde typar yrke og utdanningar. Dette vil automatisk prege deg og forme tanke- og handlingsmønstera dine. Bourdieu beskriv desse innlærte måtane å tenkje og handle på som habitus.
Habitus er eit integrert system av varige og kroppsleggjorde disposisjonar som regulerer måten vi oppfattar, vurderer og handlar på. Bourdieu beskriv disposisjonane som kroppsleggjorde for å vise kor djupt forankra desse handlings- og tankemønstera er i oss. Dei er ein del av identiteten vår og pregar måten vi reagerer på i ulike situasjonar. Dei er ikkje noko vi heilt plutseleg kan bestemme oss for å endre. Ein bilmekanikar som bur på bygda, snakkar dialekt, elskar gamle bilar, countrymusikk og biff kan i teorien plutseleg flytte til byen, endre dialekt, selje bilen, reise kollektivt, gå i operaen og bli vegetarianar, men i praksis er det lite sannsynleg.
Dei innlærte måtane å tenkje og handle på som habitus representerer, påverkar i stor grad sosial mobilitet. Dei påverkar til dømes kva du verdset og tenkjer er gjennomførbart. Veks du opp med foreldre med høg utdanning og høg lønn, vil du ofte i større grad sjølv verdsetje ei lang utdanning og lettare tenkje at det er noko du sjølv kan gjennomføre. Du vil òg lære bestemde sosiale ferdigheiter som vil gjere det lettare å hevde deg i utdanningssystemet og arbeidsmarknaden seinare.
Ifølgje Bourdieu blir vi i stor grad forma av dei sosiale strukturane vi er ein del av. Bourdieu har derfor vorte kritisert for at han i for liten grad gir rom for individ sin eigen handlefridom, refleksjonsevne og moglegheit til å endre samfunnet. Samtidig hevdar Bourdieu at samfunnet er dynamisk og at individa heile tida er med på å attskape og forme samfunnet på sine eigne kreative måtar. Han tek òg til orde for at vi gjennom politisk organisering og kollektive handlingar kan endre sosiale strukturar og fordelinga av kapital i samfunnet.
Aakvaag, G. C. (2008). Moderne sosiologisk teori. Abstrakt forlag.
Dillon, M. (2014). Introduction to Sociological Theory. Theorists, Concepts, and their Applicability to the Twenty-First Century. Wiley Blackwell.
Flemmen, M. (2012, 21. januar). Vår tids viktigste sosiolog. Klassekampen. https://manifesttankesmie.no/ar-tids-viktigste-sosiolog/
Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Polity Press.