Hopp til innhald

Fagstoff

Sosialantropologi og sosial differensiering

Alle samfunn har reglar og kriterium for korleis ein skal gjere forskjell på folk. Det går kanskje ikkje føre seg på same måte overalt, men det skjer.
Kroninga av ein ny masaihøvding. Tre personar med store kragar og fargerike kapper står fremst i ei folkemengde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosial ulikskap og lagdeling

Det speler eigentleg inga rolle kvar du er, for uansett kvar du er, vil det bli gjort forskjell på folk. Ikkje alle kan vere høvdingar, ordførarar, tenarar eller kastelause. Det vil alltid vere nokon som har meir makt enn andre. Sosial ulikskap og lagdeling er eit meir eller mindre globalt fenomen.

Sjølv om vi har ein tendens til å setje makt og differensiering i same bås, må vi òg vere klar over at det finst andre måtar å dele inn samfunnsmedlemmene på. Her kan vi blant anna vise til vertikale og horisontale skiljelinjer. Viss vi deler samfunnsmedlemmene langs ei vertikal linje, snakkar vi veldig ofte om makt og rang. Nokre er høvdingar, mens andre er undersåttar.

Den andre og horisontale inndelinga treng på si side ikkje å handle om makt, men heller om korleis arbeidsoppgåver er fordelte mellom samfunnsmedlemmene.

Makt lurer alltid i skuggane

Uansett kva slags akse vi vel å leggje til grunn, vil inndelinga alltid ha eit maktaspekt ved seg. Det ville vere naivt å tru at eit samfunn ikkje har ei eller anna form for maktstruktur. I nokre samfunn er denne inndelinga såre enkel, til dømes hos nokre jegerar og sankarar. Nokre oppgåver er mannsarbeid, mens andre oppgåver er reserverte for kvinner. Når det gjeld makt, har dei eldste stort sett meir makt enn dei unge.

Dei tidlege antropologane, skrivebordsantropologar, som gjerne ikkje drog ut på feltarbeid, meinte at "primitive" og lite teknologiske samfunn hadde ein ganske flat maktstruktur. Ein gjekk ut frå at dei ikkje hadde nokon spesielle reglar for makt og innverknad. Dette vart utan atterhald imøtegått av antropologar som faktisk hadde vore ute i felten. Dei oppdaga samfunn med tydelege inndelingar, anten det var snakk om arbeidsoppgåver eller politisk innverknad. Samfunn – uansett kva slags – hadde reglar som skilte kvinner frå menn, unge frå eldre og leiarar frå undersåttar.

Differensiering versus klassifikasjon

Korleis ulike samfunn vel å gjere forskjell på samfunnsmedlemmene, er eit utømmeleg tema. Likevel er det viktig å kjenne til at det eksisterer. Vi kan ikkje gå ut frå at det vi i tidlegare tider snakka om som "primitive" samfunn, har ein flat struktur og få kriterium for korleis ein skal skilje medlemmene frå kvarandre.

Til slutt er det naudsynt å seie noko om sjølve omgrepet differensiering. Ordet er ein del av den analytiske verktøykassen vår. Det er ordet antropologen brukar når ho analyserer måten dei "innfødde" strukturerer verda på. Viss ho derimot skal prøve å forklare korleis dei lokale sjølve organiserer samfunnet og kosmos, tar ho i bruk ordet klassifikasjon.

Kjelde

Eriksen, T. H. (2004). Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Lagdeling, klassar og sosial ulikskap