Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klassar, lagdeling og forskjellar

Er Noreg eit klassesamfunn, eller er det noko som høyrer fortida til? Utforsk økonomiske, sosiale og helsemessige forskjellar i Noreg.

Oppgåve 1) Klassar i Noreg

Les artikkelen Trodde du Norge hadde små forskjeller frå NRK, og svar på spørsmåla.

  1. Er Noreg er eit land med store eller små økonomiske forskjellar? Grunngi svaret.

  2. Kva er årsakene til dei økonomiske forskjellane i Noreg i dag, ifølgje artikkelen?

  3. Kva er konsekvensane av store økonomiske forskjellar?

  4. Vel to av dei fire teoriane om klassar og lagdeling under. Diskuter kva for ein av dei to teoriane som best kan forklare dei sosiale og økonomiske forskjellane vi finn i Noreg i dag.

    1. Marx

    2. Weber

    3. funksjonell lagdeling

    4. Bourdieu


Oppgåve 2) Klasseforskjellar og helse

Sjå filmen Sosial ulikhet eller les artikkelen Sosiale helseforskjeller i Norge frå Folkehelseinstituttet, og svar på spørsmåla.

  1. Korleis kan inntekta til foreldra påverke helsa til barna på ein positiv og negativ måte?

  2. Korleis kan utdanninga til foreldra påverke helsa til barna på ein positiv og negativ måte?

  3. Korleis kan Bourdieus teori om habitus forklare kvifor barn av foreldre frå lågare klassar får dårlegare helse?

  4. Diskuter kva som er dei beste måtane å jamne ut dei sosiale helseforskjellane på.



Person med mobilkamera tek bilete av eit lite reinsdyr som blir halde av to menn. Snøkledd landskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3) Utforsk forskjellar i nærmiljøet

I denne oppgåva skal du dra ut i nærmiljøet og ta bilete som kan illustrere dei små og store sosiale forskjellane vi har i Noreg.

  • De kan jobbe i grupper eller åleine.

  • De skal levere inn minst tre bilete.

  • Saman med kvart bilete skal de levere ei forklaring der de bruker fagomgrep eller teoriar til å tolke biletet de har teke.

De finn forslag til relevante teoriar i dei relaterte artiklane under. Relevante fagomgrep kan vere:

  • klassar

  • statusgrupper

  • funksjonell lagdeling

  • kulturell, økonomisk eller sosial kapital

  • sosial lukking

  • sosial mobilitet




Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2021

Læringsressursar

Lagdeling, klassar og sosial ulikskap