Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kapital og kulturelle kodar

Utforsk kapital og kulturelle kodar i dramaserien Rådebank.
Ung mann med caps og tent sigarett i ein bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Kva er kulturell kapital, og korleis kan vi bruke omgrepet til å utforske kulturelle fenomen?

Oppgåve 1 – Kva er kulturell kapital?

Les fagartikkelen om kulturell kapital, og utdjup desse stikkorda på bakgrunn av det du finn i artikkelen.

  • kapital
  • kulturell kapital
  • sosial kapital
  • kulturelle kodar
  • høgkultur
  • lågkultur
  • makt
  • status
  • klasseskilje

Oppgåve 2 – Utforsk kulturelle kodar og kapital i Rådebank

Del 1

Hendingane i dramaserien Rådebank er inspirert av verkelege hendingar i rånemiljøet i Bø, Notodden og Ulefoss. I denne oppgåva skal du undersøkje kapitalen til ein av karakterane i Rådebank, og kva for nokre kulturelle kodar som gjeld i rånemiljøet.

Glenn-Tore (GT) er hovudpersonen i serien. Sjå første episode av sesong 1, og bruk punkta under for å beskrive GT. Legg òg merke til kva for kulturelle kodar som gjeld i miljøet han høyrer til.

  • bustad og interiør
  • livssyn
  • politisk syn
  • vener
  • jobb
  • utdanning
  • inntekt
  • interesser og fritid
  • klessmak
  • lesevanar
  • musikksmak
  • mat og drikke
  • filmar
  • bil (viss dei har bil)
  • verdiar

Del 2 – drøfting i par

  • Gå gjennom del 1 saman med ein medelev, og samanlikn kva de har notert. Har de gjort nokon av dei same observasjonane?
  • I artikkelen om kulturell kapital står det at "Det å meistre kulturelle kodar er å ha det vi kan kalle kulturell kapital". Kva for kulturelle kodar gjeld for GT og miljøet han er ein del av? Er nokon av desse kulturelle kodane i konflikt med kodar som gjeld i samfunnet generelt?
  • Er det nokon karakterar i serien som representerer ein annan type kulturell kapital enn den GT har?
  • Kva fortel episoden oss om makt, status og klasseskilje?
  • Kven er det som definerer kva som blir sett på som lågkultur og kva som blir sett på som høgkultur? Korleis ser karakterane i serien Rådebank på seg sjølve og dei kulturelle kodane sine, trur de?
  • Kor nyttig synest de omgrepet kulturell kapital har vore i arbeidet med å forstå karakterane og tematikken i Rådebank?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2020

Læringsressursar

Lagdeling, klassar og sosial ulikskap