Hopp til innhald

Fagstoff

Max Weber om klassar, status og sosial makt

Ifølgje Max Weber finst det fleire ulike sider ved ulikskap. Plasseringa di i samfunnshierarkiet er ikkje berre avhengig av dei økonomiske ressursane dine, men òg av statusen din og den sosiale makta di.
Ein tiggar på gata held fram ein pappkopp mot folk som går forbi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klassar, status og makt

Ifølgje den tyske sosiologen Max Weber (1864–1920) er det ikkje berre økonomiske ressursar som avgjer plasseringa di i samfunnshierarkiet, men i tillegg ikkje-økonomiske ressursar som status og makt. Max Weber skil derfor mellom tre ulike dimensjonar ved ulikskap. Desse ulike dimensjonane påverkar kvarandre, men dei er ikkje nødvendigvis samanfallande. Du kan til dømes ha høg status utan å ha mykje pengar.

Klassar

Ein klasse er ei gruppe menneske som har dei same økonomiske ressursane og dei same moglegheitene eller "livssjansane" i samfunnet, ifølgje Weber. Det er fleire ulike faktorar som påverkar moglegheitene dine, og Weber skilde mellom fleire ulike klassar i samfunnet.

Ein viktig grunn til at nokon i samfunnet har betre livssjansar enn andre, er eigarskap. Dei som har eigedom, har større økonomiske ressursar enn dei som ikkje har det. Samtidig er det forskjell på dei som eig mykje og lite. Weber skil mellom dei som eig mykje og høyrer til kapitalistane, til dømes bedriftseigarar og store landeigarar, og dei som eig mindre og høyrer til småborgarskapet, til dømes butikkeigarar og sjølveigande bønder.

Ein annan ting som påverkar livssjansane dine, er marknadsposisjonen din. Dersom du har evner, ferdigheiter eller kvalifikasjonar det er etterspurnad etter i marknaden, vil du få tilgang på større ressursar. Legar, advokatar og bankfolk får høgare lønn og betre arbeidsvilkår på grunn av ekspertisen sin og kvalifikasjonane sin, og dei høyrer til i middelklassen. Vanlege arbeidarar har tilgang på færre ressursar, men òg i arbeidarklassen kan ein skilje mellom faglærte og ufaglærte arbeidarar.

Weber skilde mellom fire klassar med dei same livssjansane:

  • kapitalistane (til dømes fabrikkeigarar)

  • småborgarane (til dømes butikkeigarar)

  • middelklassen (til dømes legar og advokatar)

  • arbeidarklassen (til dømes industriarbeidarar)

I samfunnet i dag er inntekt og formue viktig for å bestemme klasseposisjonen din, og ein høg posisjon vil ofte vere avhengig av arv, god lønn eller kapitalavkastingar.

Mann sit framfor ei datamaskin med to skjermar. Skjermane er fylt med linjer med kode. Foto.

Sosial status

Status er ein annan dimensjon ved ulikskap, ifølgje Weber. Status handlar om korleis vi vurderer og gir kvarandre anerkjenning i form av prestisje, respekt, beundring, ære eller privilegium. Du kan få status på grunn av familiebakgrunnen din, formue, prestasjonar, yrkesposisjon, utdanning eller etnisitet. Ein bedriftseigar har til dømes status på grunn av formuen sin, og ein advokat har status på grunn av yrket sitt og utdanninga si. Du kan òg ha negativ status. I dag kan til dømes innvandrarar med ein bestemd hudfarge, religion og etnisk tilhøyrsle oppleve å få mindre respekt og anerkjenning enn andre.

Dei som har same status, høyrer til den same statusgruppa, eller stand, som Weber kallar det. Innanfor gruppa er det samhøyr, dei har ein felles identitet og deler ofte same forbruksmønster og livsstil. Kva statusgruppe du høyrer til, kjem til dømes til utrykk i måten du kler deg på, plassen du bur, kven du giftar deg med, eller kva slags bil du køyrer. Kva som gir status, varier mellom ulike grupper. Ein sportsbil kan vere eit statussymbol mellom nyrike, men bli sett på som vulgært mellom akademikarar.

Status og klasse er ikkje nødvendigvis samanfallande, poengterer Weber. Ofte kan pengar og formue gi deg tilgang til prestisjefylte miljø, men ein lege eller professor i middelklassen kan ha høgare status enn nyrike bedriftseigarar eller aksjemeklarar i overklassen. Statusen din kan òg gi deg tilgang på økonomiske ressursar og på den måten påverke klasseposisjonen din.

Luksuriøs svart og kvit cabincruiser fortøydd ved ei bryggje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosial makt

Sosial makt er ein tredje dimensjon ved ulikskap. Kor stor tilgang du har til makt, er ikkje berre avhengig av klassetilhøyrsle og status, men òg av parti. Weber definerer eit parti som ei gruppe individ med felles interesser som arbeider saman mot eit felles mål. Det kan vere politiske parti, men òg andre typar interesseorganisasjonar. I Noreg i dag har vi til dømes sterke organisasjonar som arbeider for miljø, homofile, etniske grupper eller religiøse interesser.

Partia kan få betydeleg sosial makt og på den måten påverke plasseringa si i samfunnshierarkiet. Sosial makt kan òg påverke statusen til ulike individ og grupper og dei økonomiske forholda deira. I Noreg har til dømes Arbeidarpartiet kjempa for å betre statusen og den økonomiske situasjonen til arbeidarklassen, mens kvinnerørsla har kjempa for å betre kvinner sin statusen og arbeidsvilkåra og arbeidsmoglegheitene deira.

Max Weber og Karl Marx

Kombinasjon av Weber og Marx

Marx og Weber har hatt stor innverknad på samfunnsvitskapen, og teoriane deira har vorte utvikla vidare for å passe betre inn i samfunnet i dag. Den amerikanske sosiologen Erik Olin Wright har til dømes brukt element både frå Marx og Weber for å analysere ulikskap.

Wright tok utgangspunkt i Marx, men i staden for å fokusere på eigarskap til produksjonsmidla fokuserte han på kontrollen over produksjonsprosessen. Nokre arbeidstakarar har større kontroll over produksjonsprosessen fordi dei har meir autoritet eller kompetanse, slik som sjefar, høgare funksjonærar eller fagekspertar. Desse gruppene er i ein mellomposisjon. Dei får meir makt, høgare lønn og betre arbeidsvilkår enn arbeidarane, samtidig som dei til liks med arbeidarane er underlagde kontrollen til kapitaleigarane. Som Weber hevda derfor Wright at det fanst fleire ulike klasseposisjonar mellom kapitaleigarane og arbeidarane.

Relatert innhald

Kjelder

Dillon, M. (2014). Introduction to sociological theory. Theorists, Concepts, and their Applicability to the Twenty-First Century. Wiley Blackwell.

Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Cambridge: Polity Press.

Kjølsrud, L. & Skirbekk, S. (2020, 30. desember). Klasse. I Store norske leksikon. https://snl.no/klasse

Schiefloe, P. M. (2019). Menneske og samfunn (3. utg.). Vigmostad & Bjørke.

Weber, M. (1971). Makt og byråkrati. Gyldendal.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Lagdeling, klassar og sosial ulikskap