Oppgave
Lagdeling og klassar
Korleis påverkar klasseskilje samfunnet vårt? Dette er noko av det du skal drøfte i denne oppgåva.
I filmen Har vi klasser i dagens Norge? blir klassesamfunnet før og no diskutert, og kva for skilje vi har i samfunnet i dag. Sjå filmen før du jobbar med oppgåvene.
- Kva er forskjellen på klasseskilja før og i dag? Ta gjerne utgangspunkt i dømet i filmen med gruvesamfunnet på Røros, eller kanskje har du døme i ditt eiget lokalsamfunn eller region?
- Gå ut på skulen eller på gata og spør folk om dei meiner vi har klassar i Noreg i dag. Spør gjerne folk i forskjellige arbeidsgrupper. Lag ein presentasjon av det du fann ut. Du kan filme eller ta bilete til presentasjonen din.
- Drøft påstanden " Å snakke om klasseskilje er tabu".